[email protected]


Logo
Bli medlem
Klubbinfo

Varslingsrutinar i FBK Voss

Innleiing

FBK Voss skal vere ein open og inkluderande klubb med stor takhøgd. Hovudregelen er at ein tek opp forhold ein meiner er kritikkverdige med den det gjeld. Dersom dette ikkje fører fram, eller dersom ein meiner det er nødvendig å ta saka opp med nokon andre som kan gjere noko med dei kritikkverdige forholda, blir dette kalla varsling.

Varslingsrutinane seier noko om:

  • Kven som har ansvar
  • Kva saker som er omfatta av varslingsrutinane
  • Kven det kan varslast til
  • Korleis det skal varslast
  • Korleis varsel skal følgjast opp

Kven har ansvar?

Styreleiaren har ansvar for at varslingsrutinane er innførte, gjorde kjende for alle og fungerer etter føremålet.

Kva bør det varslast om?

I FBK Voss ønskjer vi at det blir sagt ifrå om uetisk åtferd som er i strid med verdiane våre, svekkjer klubben sitt omdøme og/eller inneber andre kritikkverdige forhold.

Ved kritikkverdige forhold er det viktig at nokon varslar slik at desse forholda kan rettast opp.

Varslet må gjelde forhold som knyter seg til FBK Voss, tillitsvalde, frivillige eller hendingar som har skjedd på arrangement i regi av klubben.

Døme på forhold det kan varslast om:

  • Forhold som utgjer fare for liv og helse.
  • Brot på norsk lovgjeving.
  • Mobbing, trakassering og diskriminering.
  • Brot på klubben sine vedtekter eller allment aksepterte etiske retningslinjer.
  • Økonomiske misleghald.
  • Andre kritikkverdige forhold.

Kven kan varsle?

FBK Voss ønskjer at alle som opplever kritikkverdige forhold i organisasjonen, seier frå om dette.

Enten du er frivillig, tillitsvald, deltakar eller på annan måte er i kontakt med klubben, kan du varsle dersom du opplever kritikkverdige forhold i organisasjonen.

Kven kan det varslast til?

I FBK Voss bør, men treng ikkje, varsel sendast til dagleg leiar eventuelt sportsleg utval. Dersom varselet gjeld dagleg leiar skal varselet sendast styrets leiar.

Det er heilt opp til varslaren sjølv kven varselet skal sendast til.

Varsling kan òg gjerast direkte til Norges Fotballforbund, både anonymt og med fullt namn.

Korleis kan det varslast?

Dersom du ønskjer å varsle om kritikkverdige forhold, kan dette gjerast gjennom:

  • Personleg samtale
  • Telefonsamtale
  • SMS
  • E-post
  • Andre måtar som passar for varslaren

Eit varsel bør, men treng ikkje, innehalde fullt namn.

Du må så godt du kan beskrive det du har opplevd eller observert. Ver så konkret som mogleg i skildringa, og gje opp tid og stad dersom du kjenner til dette.

Gje gjerne informasjon om tidlegare saker som kan ha betydning for varslinga, og kven andre som kjenner til forholdet det blir varsla om.

Varslinga skal skje på ein respektfull måte, og den som varslar må ta ansvar for eigne ytringar.

Varsling kan skje anonymt, men dette kan gjere det vanskelegare for organisasjonen å følgje opp varselet på ein forsvarleg måte.

Ved anonym varsling blir det tilrådd å nytte Norges Fotballforbund sin varslingskanal. Det finst plakatar på.xxxxx som forklarer korleis denne varslingskanalen blir brukt, og det finst QR-lenkje i dette dokumentet.

Korleis blir varsel handtert i FBK Voss?

Desse grunnleggjande prinsippa skal leggjast til grunn ved handtering av eit varsel:

  • Alle varsel skal takast på alvor.
  • Den som varslar skal vernast mot gjengjelding.
  • Mottakar av eit varsel skal alltid sørgje for forsvarleg behandling av saka.
  • Varslingssaker skal behandlast konfidensielt. Identiteten til varslaren og den eller dei det er varsla om, skal ikkje gjerast kjend for fleire enn det som er nødvendig for behandlinga av saka.
  • Den som har varsla skal få stadfesting på at varselet er motteke, og tilbakemelding når saka er ferdig behandla. Stadfestinga skal så langt det er mogleg givast skriftleg, til dømes via SMS.

Alle varsel skal takast på alvor, og dei som tek opp kritikkverdige forhold på ein forsvarleg måte, skal ikkje møtast med nokon form for represaliar.

Mottakaren av varselet skal alltid sørgje for at varselet blir handtert på ein ryddig og forsvarleg måte.

Alle varsel skal behandlast konfidensielt. Varslaren sin identitet er ei konfidensiell opplysning for den som tek imot varslinga.

Den vidare prosessen må vurderast i kvart einskilt tilfelle. Det skal alltid vere slik at så få som mogleg kjenner til kven varslaren er.

Varslaren skal gjerast merksam på kven det eventuelt kan vere nødvendig å opplyse identiteten til for å kunne gjennomføre nærare undersøkingar av saka.

Mottakaren av varselet skal så snart som mogleg gjennomføre nødvendige undersøkingar og setje i verk eigna tiltak på grunnlag av resultata.

Det må vurderast konkret i kvar enkelt sak kven som skal involverast i den vidare behandlinga.

Varslaren skal få høve til å leggje fram sitt syn på saka og skal kunne la seg bistå av ein tillitsperson.

Dersom det blir sett i gang nærare undersøkingar, skal den eller dei det er varsla om få kjennskap til varselet, kva opplysningar som er gjevne, og få høve til å kome med si forklaring.

Den eller dei det er varsla om, skal få høve til å la seg bistå av ein person dei har tillit til.

Dei involverte i saka skal, uavhengig av utfallet og innan rimeleg tid, få tilbakemelding om at klubben si behandling av saka er avslutta. Dette gjeld òg saker som naturleg blir sende vidare til krets, forbund eller annan myndigheit.

Saksbehandlarane skal utarbeide logg i alle saker dei tek imot.

Logg og andre saksdokument skal arkiverast og oppbevarast som konfidensielle dokument på ein trygg og forsvarleg måte.