Medlemsskap
Som medlem i FBK Voss skal aktiviteten stå i fokus, både på og utanfor bana.Eit medlemskap hjå oss skal vera meir en grønt gras og ball, det skal også vera ein god prat på sidelinja, felleskap på dugnad og eit sterkt samhald knytt til sport og aktivitet.
For å kunne leggje til rette for desse tinga krevs det store ressursar, og om alle bidreg kan ein halda prisar for medlemskap og aktivitet so låge som mogleg.
I samband med prisoversikta, ynskjer ein å presisera kva dei ulike elementa og begrepa som er involverte.
Medlemskontigent:
Fastsett årlig sum som årsmøtet i FBK Voss vedtek, som gjev medlemskap i klubben. Dette medlemskapet dekkjer utøvaren si forsikring, tilgang på medlemsgoder og stemmerett på årsmøtet.
Treningsavgift:
Årleg sum som vert fastsett med hensyn på aktivitetsnivået i laga. Dette skal dekkje naudsynt lagsutstyr, utgifter til trenarar og personar knytt til laga.
FBK Voss Prisoversikt
Alder | Medlemskontigent | Treningsavgift |
7-10 | 300 kr | 600 kr |
10-11 | 300 kr | 700 kr |
12-13 | 300 kr | 1.000 kr |
14 | 300 kr | 1.300 kr |
15-17 | 300 kr | 1.700 kr |
Junior/Senior | 300 kr | 1.700 kr |
Superlaget | 300 kr | 600 kr |
Støttemedlem | 300 kr |
Treningsavgift og medlemskontingent vert fakturert årleg, gjerne på våren.
For å melde deg inn, kan du nytte desse to lenkjene:
Som medlem og utøvar i FBK Voss skal økonomi ikkje vera eit hinder for deltaking. Me sett utøvaren i fokus, og ynskjer å inkludera flest mogleg – lengst mogleg. Ta kontakt med din lagleiar, eller administrasjonen, om du har behov for bistand med økonomi, så finn me ei løysing på det aller meste.