[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

"Speleklar" - internasjonalt anerkjend oppvarming

Oppvarmingsprogrammet "Speleklar", også kjend som "The 11+" er laga for at fotballspelarar skal halde seg skadefri. Programmet er basert på varierte balanse-, spenst- og styrkeøvingar. Ved å ta det i bruk kan mange av dei mest vanlege skadane i fotball bli unngått. Det gir også ein god start på fotballtreninga og fungere godt som oppvarming til kampar.

Det er lagt inn progresjon i dei fleste øvingane for å auke vanskeligheitsgrada undervegs, slik at ein kan oppretthalda treningsutbytte etter kvart som ein vert betre. Programmet reduserer skadar med 30 - 50 % under forutsetning at det vert brukt minimum to gonger i veka.

Trening- og kampversjon av "Speleklar" - FBK Voss

I trening ynskjer klubben at ein nyttar seg av "Speleklar" slik det er skissert på Skadefri. Heile programmet med dei tre ulike nivåa finn du ved å gå inn her. Sett av 20-30 minutt, ei økt kvar veke gjennom heile året og gjennomfør "Speleklar". Alt ein treng av utstyr er 12 hattar!

Custom image

Før kamp har ein ikkje like lang tid å nytte på skadefri-programmet. Me har difor valgt ut ein del øvingar som me meiner bør vere med i oppvarminga til kamp. Framleis 12 hattar som det einaste ein treng av utstyr, oppsettet er det same, men tidsbruken er mellom 10 og 15 minutt. Kampførebuingsprogrammet ligg som pdf fil i bunn her på sida. Det er veldig viktig at ein sørgjer for at spelarane varmar opp med kvalitet før ein skal spele kamp. Rett oppvarming = gode prestasjonar og lite skadar. Som eit utgangspunkt bør ein gjennom følgjande:

  1. Skadefri: program ligg som pdf til høgre på sida
  2. Deløving med ball: øving med ball utan motstandar - spele i lag
  3. Spelsituasjon: kan gjennomførast med mål, utan mål, i firkant osb.

Dette er med på å sikre progresjon i oppvarminga slik at ein til slutt skal vere klar for å spele kamp.

VIKTIG: Innbyttarar vert ofte gløymd når det gjeld oppvarming. Som innbyttarar kan ein vere med på felles oppvarming i starten, men det betyr ikkje at ein er klar til å spele etter 30 minutt utan aktivitet. Sørg for å planlegg byta så langt det lar seg gjere, slik at dei som skal inn og spele kan gjennomføre ein form for speleklar på sidelinja i 10 minutt før dei skal inn på bana.

Våre Sponsorer
  • Sponsor logo #1
  • Sponsor logo #2
  • Sponsor logo #3
  • Sponsor logo #4
  • Sponsor logo #5
  • Sponsor logo #6
  • Sponsor logo #7
  • Sponsor logo #8
  • Sponsor logo #9
  • Sponsor logo #10
  • Sponsor logo #11
  • Sponsor logo #12
  • Sponsor logo #13
  • Sponsor logo #14
  • Sponsor logo #15
  • Sponsor logo #16
  • Sponsor logo #17
  • Sponsor logo #18
  • Sponsor logo #19
  • Sponsor logo #20
  • Sponsor logo #21