Smalahovecupen
Smalahovecupen vart arrangert fyrste gong i 2000. Fem lag var med fyrste året og sidan har det auka jamnt og trutt til 50 lag. I 2025 var interessa gledeleg stor og me valgte å utvida til 66 lag i høve 25-års jubileet vårt. Smalahovecupen er haustens store veteranfotballfest på Vestlandet.
I 2026 vert Smalahovecupen arrangert 31.oktober. Me opnar påmeldinga 20.august kl. 12.00. Det vert eit tak på 50 deltakande lag, og påmeldingsavgift er 3000 kr per lag.
Klasseinndeling
I 2026 har me fylgjande klassar:
Klasse A: Kvinner Veteran (over 28 år)
Klasse B: Kvinner Veteran Nivå B (over 40 år)
Klasse C: Menn Superveteran (over 60 år)
Klasse D: Menn Veteran (over 50 år) *
Klasse E: Menn Veteran (over 40 år) *
Klasse F: Menn Old Boys (over 33 år) *
Klasse G: Open/Bedrift (over 18 år)
* I Klasse D, E og F ønsker me at de registrerer spelare og alderen så fort som mulig. Ved låg påmelding kan det evt. henda me må slå saman klassar.
Praktisk informasjon:
Turneringa vert spela i femmarfotball. Det vil sei at laga stiller med fem spelarar på banen til ei kvar tid. Turneringa vert gjennomført etter NFF sine reglar for femmarfotball. Kampane vert spela i tidsrommet 09.00 - 17.00. I utgangspunktet er det gruppespel og sluttspel i kvar klasse, men i klassar med få lag kan det bli kun seriespel der vinnar av serien er klassevinnar.
Smalahovecupen går på sentralidrettsanlegget Prestegardsmoen på Voss. Alle kampane vert spela på kunstgras. Det vil vera garderobar og toalett tilgjengeleg i Voss Idrettshall som ligg heilt inntil baneområdet. Det vert og sal av mat og drikke frå kiosk ved banane, og kafè innandørs i Idrottshuset.
Me gler oss til ein strålande kjekk dag med fotball i fokus, og minner samstundes om at det ikkje er tillat å drikka alkohol på offentleg stad. Hugs; festen er på kvelden.
Årets bankett vert, som tidlegare, i Vossasalen på Park hotell. Her vert det premieutdeling, festmiddag, live band og dans. Billettar til banketten bestiller ein under "Tjenester" i Profixio, og der kan ein velja mellom pinnekjøt (575kr) og smalahove (525kr). Der er det også mogleg å kjøpa billett kun til dansen (150kr) etter middag. Me oppmodar om å vera tidleg ute med påmelding både til cupen og banketten.
Ta kontakt med oss på e-post om de har spørsmål.
E-post: [email protected]
Vel møtt!



















