Politiattest
Alle ansatte og frivillige i FBK Voss skal avkrevast for politiattest
Bakgrunn
Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok 10. mars 2008 at heile den norske idretten skal krevje politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordninga gjeld for alle som skal utføre oppgåver som i vesentleg grad inneber eit tillit- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Ordninga trådde i kraft 1. januar 2009.
Idretten har tidligere sagt at det skal hentes inn ny politiattest hvert tredje år. Dette er nå endret, da politiet ikke har anledning til å gi ny politiattest for samme formål/rolle, uten at personen har hatt en pause fra vervet av noen tid. Idrettslagene har anledning til å be om ny politiattest (fornyet vandelskontroll) om de får nye opplysninger som kan bety at personen ikke lenger har gyldig politiattest. For eksempel dersom man får informasjon om at personen som skal utføre oppgaven, nylig er domfelt eller siktet for noe straffbart. Fremgangsmåten for å be om fornyet vandelskontroll finnes på politiets nettside.
Med mindreårige meiner ein barn og unge under 18 år. Personen treng ikkje vere ansatt i idrettslaget. Det avgjerande er om vedkomande skal utføre oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.
Les meir på Politet sine nettsider: Formål for å kreve politiattest eller fornyet vandelskontroll - Politiet.no
Innhenting av Politiattest steg for steg
Steg 1
Personen som skal ha politiattest vert bede om å oppgje/sende fullt namn og fødselsnummer til politiattestansvarleg i klubben, Sjur Skeie Petersen. Det vert vidare laga ein «bekreftelse på formål med politiattest» som vert sendt tilbake til søkjar. Ein kan etter avtale kome inn i på kontoret, fylle inn personopplysningar på skjema og få naudsynt signatur med ein gong.
Steg 2
Er du over 18 år er det lettast for deg å søke om politiattest på nett. Har du nettbank kan du nytte same pålogging for å sende søknad om politiattest. Her følgjer informasjon om korleis du gjer det:
- Gå inn på Søk politiattest
- Logg inn med MinID, BankID, Buypass eller Commfides. Dette bekrefter kven du er og du skal difor ikkje legge ved kopi av legitimasjon.
- Fyll uinn e-postadresse og telefonnummer under "kontaktinformasjon". Velg frivillige organisasjonar som føremål under både "kategori" og føremål"
- Under "legg ved bekreftelse av føremål" legg du deretter ved det aktuelle dokumentet frå steg 1. Bekreftelsen kan scannast eller bli tatt bilete av så lenge den har følgjande filformat docx, doc, pdf, jpg, jpeg, png eller tif og er under 4MB.
- Send deretter din søknad.
Steg 3
Vent på svar frå Politiet. Saksbehandlinga er på ca. to veker. Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den vert ikkje sendt til FBK Voss.
Steg 4
Den som søknaden gjeld for skal framvise sin politiattest til den som er oppnemnd som ansvarleg for politiattestar i klubben. FBK Voss skal ikkje lagre attesten, men kun få den framsynt til gjennomsyn. Personar som ikkje har synt politiattest utan merknad kan ikkje setjast til oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.
Søknad per post
Er du under 18 år eller av andre grunnar ikkje har moglegheit til å søke om politiattest elektronisk kan du sende inn søknad om politiattest per post. For søkjarar under 18 år må søknaden vere signert av føresette. Både bekreftelse på føremål samt kopi av legitimasjon skal leggast ved søknaden. Søknaden skal deretter sendast til følgjande adresse:
Politiets enhet for vandelskontroll og politiattester
Postboks 113
9951 VARDØ
Kontaktperson for Politiattest
Sjur Skeie Petersen
E-post: [email protected]
Tlf. 924 43474



















