[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

FBK Voss Fotballskule i august

Forfatter: Linda Fostervoll Kvamme

09. juni 2023

Forside
News article image

Fotballklubben Voss innleier haustsesongen med ein kjekk og innhaldsrik fotballskule i veke 32, rett før skulestart.
Frå måndag til onsdag kan spelarar frå 1- 7 klasse boltra seg med mykje god fotballøving på flunkande nytt anlegg i 3 dagar, fyrstemann til mølla så her er det berre å hiva seg rundt og melda seg på!

Aldersgruppe: Gutar og jenter 7-13 år (fødd 2016-2010)

Dagar: Måndag 7. - onsdag 9.august

Tid: Oppmøte ved det nye Idrottshuset frå kl 09.00, dagen vert avslutta kl 14.45

Stad: Prestegardsmoen kunstgrasbanar


Utstyr og bekledning:
Fotballsko , leggskinn, drikkeflaske og treningsklede som høver til aktivitet og vær.

Trenarar: Fotballskulen vil bli leia av mellom anna Magne Himle, hovudtrenar på FBK Voss sitt senior damelag og trenar med UEFA B-lisens, med seg på laget får han fleire erfarne trenarar samt spelarar frå dame og -herrelaga våre

Fotballfagleg innhald: Det blir lagt opp til artige og utviklande økter kor målsetjinga er å forbetre spelarane sine fotballferdigheiter, kombinert med knallkjekke dagar med gamle og nye fotballvener.
Gruppene vert tilpassa og delt i alder.
Det skal skapast kjekke fotballminner på og utanfor treningsfeltet 😊

Hovudfokus på:

  • Sjef over ball (hundrevis av balltouch)
  • 1v1 , 2v2 etc
  • Score mål / hindre mål
  • Spel i ulike former

Anna info:
Alle må ta med niste og drikke!
Borna vil få servert frukt mellom øktene kvar dag, samt noko ekstra på avslutningsdag onsdag

Pris: 600,-

Deltakarar på Telenor Extra FFO - FBK Voss har 50 % rabatt på ein av FBK Voss sine fotballskular og kan nytte denne rabatten her.

Påmelding : Trykk HER

Kapasiteten er på 60 deltakarar, og påmelding vert stengt når det er fullt. Det er fortsatt ledig så her er det berre å melda seg på.

Lura du på noko?

Send mail til: [email protected]

Custom image