Fornying av samarbeidsavtalar!
Forfatter: Jon Sindre Rødland
19. april 2024
FBK Voss og Voss Cup er utruleg heldige som har gode støttespelarar utanfor banen. Desse støttespelarane er heilt nødvendige for at både klubb og cup kan yte eit best mogleg tilbod til sine deltakarar og medlemmer. Det vert stadig jobba med å utvikle samarbeidslaget vårt.
I år har me vore så heldige å fått nye samarbeidspartnar, samtidig som mange av dei me har hatt i mange år har forlenga avtalene sine.
-Dette er heilt fantastisk at så mange gode bedrifter er med oss på laget. Det gjer at me kan halde mange aktivitet, ha eit av Noregs beste anlegg, heile tida utvikle oss og halde medlem- og deltakingprisar så låge som mogleg. At bedriftene år etter år støtter oss, er me djupt takknemleg for, seier ein glad Hallgeir Finbråten, dagleg leiar i FBK Voss.
Desse bedriftene har forlenga avtalen med oss i år:
·Sparebanken Vest
·Voss Energi
·Voss Fiber
·Sprilt
·Idrett Utan Alkohol
·Møbelringen
·Avisa-Hordaland
·Direkte Premier
·Norconsult
·Lindstad Bygg
·Nr1 Fitness Voss
·Responsa
·Sylvsmidja
·Diplom is
·X-Partner
·Tre Kokker
·Vy
·Voss lift
·BIR
·Vossabadet
·Norwegian Insurance Partner Holdning (ny)
·Unisport (ny)
Våre viktige hovudsponsor held fram!
Voss Energi og Voss Fiber har signert ein ny stor treårig samarbeidsavtale med FBK Voss. Selskapa har i lang tid vore ein trygg og god støttespelar for klubben. Per Berge i Voss Energi og Brede Herheim i Voss Fiber hadde gode samtalar med klubben.
-Jobben FBK Voss og Voss Cup gjer for så mange born og unge er veldig bra. Me som ei lokal bedrift ynskjer å støtte opp under dette arbeide, slik at flest mogleg barn og unge kan få delta i aktivitet, fortel Per og Brede.
Heia FBK Voss! Per Berge (Voss Energi), Hallgeir Finbråten (FBK Voss) og Brede Herheim (Voss Fiber) er strålande nøgde med å ha signert ny samarbeidsavtale.
FBK Voss er veldig takknemlige for å ha to så trygge bedrifter med på laget.
Fantastisk at desse dei bidreg år etter år! Voss Energi og Voss Fiber forstår kor viktig det er å gje tilbake til lokalsamfunnet. Dette kjem mange born og unge direkte til gode, jublar Hallgeir.
Magnus Tveit (Sparebanken Vest) og Hallgeir Finbråten er veldig glade for å fortsetje det gode samarbeidet.