[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

FBK Voss Dugnadskruset

Forfatter: Silje Hauge

14. februar 2022

Forside
News article image

Kven synest du fortener ein ekstra påskjønning for sin dugnadsinnsats i sesongen 2021?

Sjølv om også 2021 vart eit annleis fotballår enn vanleg vart det likevel utført mykje dugnadsarbeid og det er mange som hadde fortent ein ekstra klapp på skuldra for all innsats og tid dei la ned.

På kvart Årsmøte vert Dugnadskruset delt ut til ein eller fleire personar som har utmerka seg med ekstra stor dugnadsinnsats for klubben føregåande sesong. Denne/desse får namnet sitt inngravert på kruset og får ha det på hylla til neste Årsmøte.

Dugnadskruset for sesongen 2020 vart tildelt Kari Trana.

For sesongen 2021 ynskjer me innspel frå dykk til kven de synest fortener å få prisen.

Send ditt forslag til: [email protected]. Frist 28.februar!