Forsikring
Edvard B. Hegboms ærespris
Forfatter: Kjersti Bakketun
23. april 2026
Forside
Det nærmar seg 17.mai, og i samband med høgtiding av dagen deler Voss Idrottsråd ut Edvard B. Hegboms ærespris.
Me inviterer difor alle til å nominera aktuelle kandidatar til denne eldsjelprisen, innan 4.mai. Det er mange som gjer og har gjort ein stor dugnadsjobb over mange år, kven meiner du fortener heider og ære? Nominer din kandidat med grunngjeving til [email protected].