FBK Voss fotballskule 2025
Forfatter: Sjur Skeie Petersen
20. juni 2025

Info om FBK Voss fotballskule 2025
Årets fotballskule er fullteikna! Me har utvida frå 60 til 80 plassar. Det har vore svært stor pågang, og nokre står difor på venteliste. Dei som står på venteliste har fått ein e-post om dette.
Informasjon om årets fotballskule:
Dato: 11.- 13. august, 2025.
Kl 09.00-14.00
Stad: Idrottsplassen. Me nyttar dei ulika banane i området.
Alder: 8-13 år (2017-2012)
Pris: I år er fotballskulen gratis då FBK Voss har fått støtte av Gjensidigestiftelsen! :)
Borna tek med niste og drikke sjølve. FBK Voss stiller med frukt :)
Øktene vert leia av røynde trenarar frå klubben med UEFA B og C lisens, samt ungdommar som spelar fotball i FBK Voss.
Øktene vil innehalde dugleikstilpassa øvingar og mykje spel på ulike banestorleikar.
Fotballsko og leggskinn er påkrevd.
Vel møtt :)
Kontakt underteikna ved spørsmål
Sjur Skeie Petersen
92443474