[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Fotballskule i august!

Forfatter: Silje Hauge

23. juni 2022

Forside
News article image

Fotballklubben Voss innleier haustsesongen med ein kjekk og innhaldsrik fotballskule før skulestart! Set av veke 32 og meld dykk på!

Aldersgruppe: Gutar og jenter 7-13 år (fødd 2015-2009)

Dagar: Mandag 08. - torsdag 11.august

Tid: Oppmøte utanfor Voss idrettshall frå kl 09.15 Me avsluttar dagen kl 14.45

Stad: Prestegardsmoen kunstgrasbanar

Utstyr og bekledning:
Fotballsko , leggskinn, drikkeflaske og treningsklede som høver til aktivitet og vær.

Trenarar: Fotballskulen vil bli leia av tidligare Obos-liga spelar, og kaptein på herrelaget, Kristoffer Bidne, samt spelar- og trenarutviklar Maid Memic. Med seg får dei andre spelarar på dame- og herrelaget som instruktørar, blant anna målsniken Norun Skjeldal.

Fotballfagleg innhald: Det blir lagt opp til artige og utviklande økter kor målsetjinga er å forbetre spelarane sine fotballferdigheiter, kombinert med knallkjekke dagar med gamle og nye fotballvener.
Gruppene vert tilpassa og delt i alder.
Det skal skapast kjekke fotballminner på og utanfor treningsfeltet 😊

Hovudfokus på:

  • Sjef over ball (hundrevis av balltouch)
  • 1v1 , 2v2 etc
  • Score mål / hindre mål
  • Spel i ulike former

Anna info:
Alle må ta med niste og drikke!
Borna vil få servert frukt mellom øktene kvar dag, samt noko ekstra på avslutningsdag torsdag

Pris: 1250 kr

Påmelding : Trykk HER for link til påmelding

Påmeldingfrist: MANDAG 1.AUGUST ! - NY FRIST - ONSDAG 3.AUGUST!

Det er 60 plassar tilgjengeleg og førstemann til mølla prinsippet.

Har du spørsmål?

Send mail til: [email protected]