Årsmøte og revisjon av sportsplan
Forfatter: Jon Sindre Rødland
23. mars 2023
Onsdag 22.mars vart det avhelde årsmøte på Park.
Eit velukka årsmøte er gjennomført, og styreleiar Roger Hovland leia møtet trygt gjennom årsmøtesakene.
På agendaen stod mellom anna endring av draktfargar, etter framlegg om at shortsfarge skulle vera raud istadenfor kvit.
Dette støtte eit samrøystes årsmøte, som ynskjer felles profilering for seniorlaga på framtoning.
Informasjon om evt. praktiske oppgåver i samband med dette kjem fortløpande.
Val vart gjennomført av leiar i valkomitèen, Trond Syversen, utan benkeforslag.
Styret i FBK Voss for 2023 er som fylgjer:
Styreleiar: Roger Hovland
Nestleiar: Egil Selvåg
Styremedlem: Tonje Tvilde, Knut Eikefjord (ny), Ann Kristin Mæland Vedå, Kari Trana, Tommy Bøe (vara).
Valkomitè: Trond Syversen, Espen Berntzen (ny), Perline Dugstad Vivås, Lene Rogde Jensen (vara)
Kontrollkomitè: Arild Petersen, Sebastian Bolstad (ny)
På agendaen var også informasjon om revisjon av sportsplan.
Prosessen med utforming er no kome så langt at styret ynskjer innspel frå medlemmane, og sender difor framlegget ut på høyring.
Frist for innspel i høyringsrunden er sett til 6. april 2023, og ein finn meir informasjon om innspel og sjølve framlegget her;
https://www.fbkvoss.no/portal/arego/club/682/conte...
Dugnadskruset for 2022 gjekk til June Nordanger, for sin innsats i klubben sine utval, og mellom anna jobben som lagleiar over fleire år.
Ein trekkjer fram innsatsen knytta mot Dana Cup som svært viktig for klubben, der June gjennom sitt engasjement er med å løfter cupdeltakinga til eit nivå som utviklar klubbkulturen for ungdommane våre.