[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Me søkjer assistenttrenar til Herrer Senior A

Forfatter: Jonas Gjermunsdon Ven Sandvik

31. oktober 2023

Forside
News article image

Etter ein kjempegod høstsesong havna me på 3. plass i 4. divisjon avd 01. Inn mot sesongen 2024 søkjer me ein assistenttrenar som kan gå inn i støtteapparatet med godt humør og god kvalitet.

Me søkjer etter deg som:


·Har minimum UEFA B lisens

·Har gode samarbeidsevner

·Er engasjert og forutsigbar

·Er interessert i både spelarutvikling og din egen utvikling

·Praktiserer trenergjerninga i tråd med klubben sine verdiar og retningsliner

·Kan pendla til Voss 1-2 gonger i veka dersom ein ikkje bur på Voss


Arbeidsoppgåver omfattar, men begrensast ikkje til:


·Bistå hovudtrenar i planlegging og avvikling av trening 2-3 gonger i veka

·Bistå hovudtrenar i å planlegge og periodisere i lengre periodar fram i tid

·Bidra til å skape eit godt og positivt prestasjonsmiljø, der ein ser alle

·Bistå på kamp med Voss Senior Herrer 1

·Spelarlogistikk i høve kampar på Voss Senior herre 2


Vi tilbyr:


·Løn etter avtale og kvalifikasjonar

·Kurs og kompetansehevande tiltak etter avtale

·Fagleg utvikling gjennom våre klubbsamarbeid med klubbar på høgare nivå

·Trening i Vestlandshallen januar-mars og samlingar innandørs på Sotra og i Sogndal

·Klespakke

·Eit flott anlegg med nytt klubbhus og banar, med heimekampar på gras

·Ei spanande og ivrig spelargruppe

·Godtgjersle etter avtale i høve pendling


Er du interessert? Send CV, søknad og referansar til sportsleg leiar på mail: [email protected].