Påmeldinga til FFO opnar fredag 1.mars!
Forfatter: FBK Voss
28. februar 2019
Fotballfritidsordninga til klubben har så langt vert så godt tatt i mot at me til hausten kan starte på det fjerde året.
Me sett stor pris på at det er så mange som ynskjer å nytte seg av vår fotballfritidsordning. Sjølv om me ikkje er kome meir enn to månadar ut i det nye året så er det på tide å begynne å planlegge hausten. Difor opnar me fredag 1.mars påmeldinga til FFO og FFO+. All informasjon om tilbodet finn du ved å klikke deg inn her!
Påmeldinga skjer ved å fylle ut eit elektronisk skjema. Det vert lagt ut link til dette på facebook-sida til FFO "FBK Voss - Telenor Xtra FFO" og på facebook-sida til FBK Voss fredag 1.mars klokka 08:00. Me har eit avgrensa tal plassar så skal ein sikre seg plass så gjeld det å vere tidleg ute. All påmelding vert registrert med ein tidskode. I løpet av måndag 4.mars går me gjennom alle påmeldingane, opprettar eventuelle ventelister og sender ut informasjon til alle som har meldt seg på om dei har fått plass eller om dei står på venteliste.