Me søkjer hovudtrenar til Senior Herrer 2
Forfatter: Jonas Gjermunsdon Ven Sandvik
31. januar 2024
Vårt andrelag i 5. divisjon treng ein engasjert og motiverande hovudtrenar for 2024-sesongen.
Me søkjer etter deg som:
·Har minimum C-lisens. Spelar/trenarerfaring kan vege opp for manglande utdanning.
·Har gode samarbeidsevner
·Er engasjert og forutsigbar
·Er interessert i både spelarutvikling og din egen utvikling
·Praktiserer trenergjerninga i tråd med klubben sine verdiar og retningsliner
·Kan pendla til Voss 1-2 gonger i veka dersom ein ikkje bur på Voss
Arbeidsoppgåver omfattar, men begrensast ikkje til:
·Planlegging og avvikling av trening 2-3 gonger i veka (+ kamp i sesong)
·Planlegge og periodisere i lengre periodar fram i tid
·Skape eit godt og positivt utviklingsmiljø, der ein ser alle
·Kampansvar i samarbeid med trenarteam
·Spelarlogistikk i høve kampar på Voss Senior herre 2
Vi tilbyr:
·Løn etter avtale og kvalifikasjonar
·Kurs og kompetansehevande tiltak etter avtale
·Fagleg utvikling gjennom våre klubbsamarbeid med klubbar på høgare nivå
·Klespakke
·Eit flott anlegg med nytt klubbhus og banar, med heimekampar på gras
·Ei spanande, ung og ivrig spelargruppe
·Godtgjersle etter avtale i høve pendling
Er du interessert? Send CV, søknad og referansar til sportsleg leiar på mail: [email protected].