Årets eldsjel
Forfatter: Kjersti Bakketun
20. mars 2026
Årets eldsjel
Me gratulerer Arild Rogde som årets eldsjel. Under kan ein lesa grunngjevinga for tildelinga av prisen.
Arild har i over 20 år stilt opp for klubben, år etter år, utan eigeninteresse. Utover innsatsen i Voss Fotball AS, var han styreleiar i FBK Voss i perioden 2002 til 2006, og var difor sentral i bygginga av Kiwibanen i same periode. Han har lagt ned utallige dugnadstimar i arbeid som krev høg fagleg kompetanse, stort ansvar og ikkje minst tolmod og uthald. Arild sitt arbeid har vore heilt avgjerande for at FBK Voss i dag står med moderne anlegg som er fundamentet for vidare utvikling av fotballmiljøet på Voss.
Arild har og vore trenar og lagleiar i fleire år for lag i klubben. Han har til ei kvar tid lagt klubben sin visjon, mål og verdiar til grunn i sitt arbeid.
Trond Syversen vart takka av som mangeårig leiar for valnemnda, og June Nordanger etter to år som nestleiar i styret. Takk for innsatsen, og takk til alle som deltok på årsmøtet. Det vart samrøystes vedteke å setta av 500 000kr til eit forprosjekt angåande aktivitetshall.