NY UTSTYRSAVTALE 2021-2025
Forfatter: Silje Hauge
03. desember 2020
FBK Voss har signert 5 års utstyrsavtale med Hummel. Utstyrsforhandlar vert vår nye samarbeidspartnar Sport1 Voss.
Me har gleden av å kunngjera ny langsiktig utstyrsavtale med Hummel og vår nye utstyrsforhandlar Sport1 Voss.
Hummel, Sport1 og FBK Voss har hatt mange og gode samtalar som har ført til ein veldig god avtale for klubben og klubben sine medlemmar. Dette betyr at alle klubben sine medlemmar får 25 % rabatt på Klubbkolleksjonen til FBK Voss hjå Sport1 på Voss Amfi. Ein får også 10% rabatt på alle varer i butikken. Gje beskjed at du er medlem av FBK Voss, så kan du nytta deg av det gode tilbodet! :-)
Denne avtalen trer i kraft frå fredag 11.desember 2020. Det betyr at du kan ta julehandelen din hjå Sport1! :-)
FBK Voss ser fram til eit godt samarbeid med Hummel og Sport1 i åra som kjem!