Årets spelar(ar) og årets trenar i Hordaland
Forfatter: FBK Voss
19. desember 2022
BA og Hordalandsfotball har hatt kåring for "årets spelar" og "årets trenar" i lokalfotballen
Etter ein særs god sesong for seniorlaga til klubben, er det på sin plass å dele ut litt skryt. Damelaget vant "the double" for fyrste gong i klubben sin historie. Serien vart vunne etter ein imponerande sesong. Pga serieomlegging vart ikkje sesongen krona med opprykk. Som plaster på såret, stakk damene av med det fyrste KM-gullet på seniornivå (nyoppstarta KM-cup, for seniorlag).
Herrelaget hadde ein tett kamp med Gneist heile sesongen, og kniva heilt inn om avdelingssiger og opprykk. Til slutt skilte det 2 poeng i favør laget frå Liland, og dermed glapp diverre opprykket. Likevel skal gutane vere godt nøgde med ein god sesong.
Med to seniorlag heilt i toppen, blei det også eit aldri så lite prisdryss til FBK Voss
Årets spelar 3.divisjon kvinner - Norun Skjeldal
Årets spelar 4.divisjon menn - Kristoffer Bidne
Årets trenar 3.divisjon kvinner - Magne Himle
I tillegg til prisvinnarane, hadde FBK Voss fleire nominerte og "honourable mentions". Meir om prisutdelinga kan ein høyre i fotballpodcasten "fotballpreik" på BA sine sider, eller spotify.
Me gratulerer alle vinnarane!
FOTO: Avisa Hordaland og Trond Gausemel (Hordalandsfotball)