KIWI FORLENGER SAMARBEIDSAVTALEN!
Forfatter: Silje Hauge
28. oktober 2021
FBK Voss, Voss cup og Kiwi vart i dag einige om å signere ny samarbeidsavtale.
FBK Voss, Voss cup og Kiwi vart i dag einige om å signere ny samarbeidsavtale. Avtalen strekkjer seg over 3 år. Kiwi har vore ein viktig samarbeidspartner dei siste åra.
Dette er ein fantastisk avtale for klubben, og me er veldig glade for å fortsatt ha dei med på laget.
Turneringsleiar i Voss cup, og marknadssjef Hallgeir Finbråten er jublande glad for å ha fornya denne avtalen.
- Kiwi har vore ein trygg og god partner i fleire år no, og me er veldig takknemlige for at dei vil vidareføre samarbeidet. Det har vore ein utfordrande koronaperiode, og då er det viktig med tryggleiken me får hjå Kiwi. Me er veldig fornøgde med at Kiwi støtter klubben gjennom denne tida. At ein så stort aktør som Kiwi vil samarbeide med oss, tek me som ei stor tillitserklæring. Desse midlane kjem godt med, seier ein smilande Finbråten.
Avtalen innebærer sponsorsnamn til eine kunstgrasbanen vår; Kiwi-banen. I tillegg vil Kiwi vera FBK Voss og Voss cup sin faste leverandør av varer.
På bilete: Regionsleder Kiwi Vest, Kurt Jarle Kaldestad og Hallgeir Finbråten.