[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

NY HOVUDTRENAR FOR DAMELAGET

Forfatter: Silje Hauge

17. november 2020

Forside
News article image

Magne Himle er tilsett som hovudtrenar for FBK Voss sitt damelag i 3.divisjon sesongen 2021.

Fotballsesongen 2020 har vore eit spesielt fotballår. Seniorlaga har ikkje spela ein einaste ordinær seriekamp, men spelarane har likevel imponert med god treningsvilje og gode haldningar. Mykje av årsaken til dette er eit trenarteam som har vore godt førebudde, løysingsorienterte og hatt fokus på utvikling av både enkeltspelarar og lag.


Grunna ei ung spelargruppe, der dei aller fleste held junioralder, kunne ein i haust melde på eit lag i J19-serien. Etter tette kampar mot god motstand gjekk laget heilt til topps og vart krinsmeisterar!


Klubben ynskjer å takke hovudtrenar Terje Mørkve for den gode jobben han har gjort saman med sine medtrenarar Magne Himle og Sjur Skeie Petersen.


FBK Voss ynskjer kontinuitet på trenarsida og er glade for at Magne har takka ja til å overta hovudtrenarjobben etter Terje.


Magne er ein ambisiøs trenar som ynskjer å utvikle seg vidare, noko klubben ynskjer å gje han moglegheit til. Trass sin unge alder har Magne opparbeidd seg trenarerfaring gjennom trenarverv på fleire av klubben sine aldersbestemte lag. Han har vore sentral som trenar for klubben sitt Telenor Xtra FFO tilbod, Prosjekt Voss og Stoke Fotballskule.


FBK Voss ynskjer Magne og Damelaget lukke til i jubilèumssesongen 2021! :-)