Fotballklubben Voss søkjer etter ny medspelar!
Forfatter: Sjur Skeie Petersen
27. juni 2024
Fotballklubben Voss har over 100 år med fotballhistorie å forvalte, og er kjend som ein tradisjonsrik klubb i Hordaland med ca. 550 aktive spelarar. Klubben held til på eit flott anlegg i Prestegardsmoen og er eigar av to kunstgrasbanar og brukar av to grasbanar. I 2023 flytta me inn i nye Voss Idrottshus plassert midt i anlegget, og kan byggje klubben vidare derifrå, med fotballen som næraste nabo.
Fotballklubben Voss er sertifisert som Kvalitetsklubb nivå 1 og ynskjer å vidareutvikla det breie og gode aktivitetstilbodet me har i dag. I 2016 starta klubben opp Fotballfritidsordning (FFO) gjennom NFF sitt samarbeid med Telenor – Telenor Xtra FFO. Gjennom åra har ein auka deltakarar frå 50 til over 100 born i veka. Tilbodet er for born frå 3.-7. klasse, 4 dagar i veka (måndag til torsdag).
Me søkjer no ein person som kan delta som instruktør på FFO og FFO+, samt noko administrativt arbeid.
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge og leia meiningsfull aktivitet på FFO og FFO+
- Administrative oppgåver i klubben
Kvalifikasjonar:
·Interesse for fotball og annan fysisk aktivitet
·Erfaring frå arbeid med born og unge
·Du må kunna kommunisera godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
·Krav til gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
·Initiativrik, strukturert og tydeleg.
·Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
·Utadvendt og relasjonsskapande.
·Brennande engasjement for å skape aktivitets- glede og meistring hjå born
Personlege eigenskapar vert vektlagt!
Stillinga vert utlyst som ei 50% stilling. Stillingsstorleik kan diskuterast.
Løn og tiltreding etter avtale
Spørsmål kan rettast til:
Pedagogisk leiar FFO: Sjur Skeie Petersen, 92443474
Skriftleg søknad med CV og anna relevant dokumentasjon skal sendast til: [email protected]
Søknadsfrist: 01.08.2024