[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Ola-Prisen 2022

Forfatter: Linda Fostervoll Kvamme

05. desember 2022

Forside
News article image

23.november kunne FBK Voss endeleg arrangere Ungdomsfest på Park og dele ut OlaPrisen. Per Kristian Ødegaard, initiativtakar til prisen saman med kona Astrid Egge Ødegaard, var til stades under utdelinga, som også i år gjekk til ein verdig vinnar.

Her kjem det som vart lest opp då Jelmer Hoekstra fekk utdelt Olaprisen for 2022:

"Statuttar for Ola-prisen

1. For å heidra minnet om Ola Egge Ødegaard har Astrid Egge og Per Kristian Ødegaard tatt initiativ til utdeling av Ola-prisen.

2. Ola-prisen er eit bilete av Sveinung Iversen.

3. Prisen vert delt ut til ein spelar i alderen 13 – 19 år i Fotballklubben Voss (FBK Voss).

4. Trenarar, støtteapparat eller andre med innblikk i aktiviteten på laga og/eller klubben har høve til å fremja grunngjevne framlegg om aktuelle kandidatar.

5. Ola-prisen vert utdelt på årsfesten til FBK Voss. Styret utnemner kvart år ein komité som vurderer kandidatane og gjer vedtak.

6. Ein spelar kan kun tildelast Ola-prisen ein gong.


OlaPrisen 2022 går til ein spelar som alltid har vist enorm glede med fotballen. Denne gleda viser att i godt treningsoppmøte, mange spelte kampar og ei jamn og stabil utvikling over fleire år. Årets prisvinnar har aldri vore den spelaren som har ropt høgast eller sett seg sjølv framfor laget, men heller vore den som alltid er der, og som trenarar og spelarar veit dei kan stole på.

På eit fotballag, i ei treningsgruppe og i klubben som heilskap er ein heilt avhengig av å ha ulike personlegdomar og spelartypar for at ein skal få fram det beste i alle.

Årets prisvinnar er ein av dei fremste representantane for å bidra gjennom å la fotballen stå for «pratinga». Teknikar, med ein særs god innleggsfot, rask og nydelige sklitaklingar. Spesielt det siste året har spelaren teke store steg både på og av fotballbana. Han har teke seniorfotballen med storm og gjort posisjonen på venstrekanten til sin.

Prisvinnaren representerer FBK Voss sine verdiar på ein eksemplarisk måte og me er stolte av å kunne tildele Ola-Prisen for 2022 til

Jelmer Hoekstra!"