NYRESFELTET FORLENGER AVTALEN!
Forfatter: Silje Hauge
23. september 2022
FBK Voss, Voss Cup og Nyrefeltet AS signerte i dag ein ny og lengre samarbeidsavtale.
FBK Voss, Voss Cup og Nyrefeltet AS vart i dag einige om å signere ein ny samarbeidsavtale. Avtalen strekkjer seg over 3 år, og vert ei utviding av avtalen som har vore tidlegare - både i lengd og storleik. Nyrefeltet AS har vore ein god samarbeidspartnar dei siste åra, og klubben er veldig glade for at dei utvidar sitt samarbeid med oss. Nyrefeltet, som ligg berre ein langpasning frå anlegget vårt, har dei seinare år vorte ein særs populær plass å busetje seg på Voss.
- Me er veldig glade for samarbeidet med FBK Voss. Voss Cup er ei fantastisk turnering, som me er stolte over å vera med på å støtte. FBK Voss har mykje å by på, og me er glade for å kunne vera med på å bygge opp under denne aktiviteten, seier Ove Håland, dagleg leiar i Nyresfeltet AS.
Dagleg leiar i FBK Voss, Hallgeir Finbråten, er veldig glad for å ha Nyrefeltet AS med på laget. - Det er kjekt at me lander denne avtalen med ein mangeårig samarbeidspartner. Me er veldig glade for den positive innstillinga, som Nyresfeltet AS har møtt oss med. Dei er nærmast ein nabo for oss, og me set veldig pris på at dei vel å støtte oss vidare. Dette kjem verkeleg godt med for alle oss i fotballklubben!
Avtalen inneber både tenester knytt til FBK Voss og reklame knytt opp mot Voss Cup, som er Noregs største barnefotballturnering! Ei strålande start på helga!
På bilete: Dagleg leiar i FBK Voss, Hallgeir Finbråten og dagleg leiar i Nyrefeltet AS Ove Håland.