Vel gjennomført Årsmøte i FBK Voss
Forfatter: Silje Hauge
18. mars 2022
Onsdag 16.mars vart det avhalde Årsmøte i FBK Voss på Park Hotel Vossevangen for 25 frammøtte.
Styreleiar Roger Hovland leia oss gjennom Årsmeldinga for 2021, året for 100-års jubilèet til klubben. Som 2020, vart dette nok eit år prega av Covid-19. Trass halv sesong og ein Voss Cup som kun vart for lokale lag, har klubben kome seg fint gjennom Jubilèumsåret og fekk hatt to fine markeiringar med Barnefotballbursdag den 25.september og Jubilèumsfesten på Park den 20.november.
Styreleiar haldt eit orienteringsinnlegg om det planlagde Idrettshuset i "Eksperthaugen" og framdrifta der. Dei nyaste skissene vart synt fram og det vart fortalt at bygget skal ut på anbod i vår/sommar.
Det er medlemmane til FBK Voss og Voss IL som skal ta stilling til om Idrettshuset er noko ein ynskjer å bygga. Når byggekostnader og finansieringsplan er klar vil det bli innkalla til eit felles ekstraordinært Årsmøte for Voss IL og FBK Voss.
Det vart avhalde val av nytt styre, og valkomitè og kontrollkomitè vart sett. Ut av styre gjekk Mari Aker. Ho vart takka av med blomar for innsatsen.
Styre i FBK Voss for 2022:
Styreleiar: Roger Hovland
Nestleiar: Egil Selvåg
Styremedlem: Øystein Ygre Skorve, Tommy Bøe, Ann Kristin Mæland Vedå, Kari Trana, Tonje Tvilde (vara).
Valkomitè: Trond Syversen, Lene Rogde Jensen, Perline Dugstad Vivås
Kontrollkomitè: Arild Petersen, Tor Tvilde, Leif Johan Mandelid (vara), Sebastian Bolstad (vara)
Det vart gitt fylgjande utmerkingar for 2021:
Årets spelar herrer: Kristoffer Bidne
Årets spelar damer: Anne Kristin Lydvo
Årets toppscorar herre: Maid Memic
Årets toppscorar damer: Norun Skjeldal
Dugnadskruset for 2021 gjekk til Trond Syversen. Trond var primus motor i Jubilèumskomitèen og skal ha ein stor del av æra for at me fekk så fine markeringar av 100-åringen!
Elles vart det vedteke eit Æresmedlemskap for Einar Melve og Olaprisen vart utdelt til Oda Bakketun Petersen. (Eigne saker vert publisert.)
FBK Voss gratulerar så mykje med utmerkingane og ser fram mot eit spanande 2022! :-)