Voss Cup 2024 - me er igang!
Forfatter: Jon Sindre Rødland
21. september 2023
Under finn du ei helsing frå Voss Cup-teamet, som allereie no gler seg til Voss Cup 2024.
Hei alle nye og gamle FBK Vossarar!
14.-16.juni 2024 arrangerer me Voss Cup for 32.gong.
Voss Cup er Noreg si største barnefotballturnering, med 7000 deltakarar. Her trengs det med andre ord mykje dugnadsfolk. Voss Cup er hovudinntektskjelda til FBK Voss, og difor er det naturleg at alle i klubben bidrar denne helga.
Spelarar som er for gamle til å delta på cupen har minst ei dugnadsvakt kvar, og alle foreldre i FBK Voss skal ha ei dugnadsvakt kvar. Me presiserer altså at begge foreldre i kvar familie, skal ha ei vakt. Dette betyr at Voss Cup er ei travel helg for alle. Difor håpar me at de allerede no vil merka av desse dagane i kalendaren, både spelarar og foreldre.
Me er heilt avhengige av dykkar hjelp, og me i administrasjonen skal jobba hardt dette året for å legga til rette for at alle som jobbar dugnad skal få ei god oppleving. Hugs at dugnad er kjekt, sosialt og gjevande.