[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Velkomen til Smalahovecupen 6.november 2021

Forfatter: Silje Hauge

22. januar 2021

Forside
News article image

Pandemien snytte oss for 20-årsjubileumet for Smalahovecupen i fjor. No set me vår lit til 2021, så får me ta eit litt forseinka jubileum då.

Pandemien snytte oss for 20-årsjubileumet for Smalahovecupen i fjor. No set me vår lit til 2021, så får me ta eit litt forseinka jubileum då. Laurdag 6. november er i så fall datoen de må setja av, for å få med dykk Vestlandets store veteranfotballfest.

Og i 2021 fyller Fotballklubben Voss 100 år, så me har mykje å feira. Smalahovecupen blir ein naturleg del av dette, og me trur de vil få ei triveleg helg på Voss om de tek turen.

Kampane blir spelt som femmarfotball på kunstgras ved sentralidrettsanlegget i Prestegardsmoen. Me har tilgjengeleg åtte banar. Tilgang til garderobar i kjellaren i Voss Idrettshall for dei som ynskjer det. Kafe og toalett er i Voss Idrettshall, elles er det kiosk ved baneområdet.

Klasseinndeling:

Klasse A: Kvinner veteran, o. 28

Klasse B: Menn superveteran o. 60

Klasse C: Menn veteran o. 45

Klasse D: Menn old boys o. 33

Klasse E: Open/bedrift

Bankett med smalahove eller pinnakjøt på kvelden.

Park Hotel Vossevangen har reservert mange rom for oss denne helga. Dei kan de bestilla direkte hjå Park frå no av. Tlf. 56531000, epost: [email protected]. Oppgi at de skal delta på Smalahovecupen ved bestilling.

For nærare opplysningar, kontakt Einar i FBK Voss: [email protected]/tlf. 97674536.

Påmeldinga opnar seinare. Nærare opplysningar om det kjem i god tid før opning.