[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Fotballfest - for ein kvar pris?

Forfatter: Jon Sindre Rødland

21. juni 2023

Forside
News article image

Om nokon er usikre, så er banane våre ein stad for fotballfest, og ikkje andre type festar.

I løpet av helga 16. - 18. Juni gjekk Voss Cup av stabelen, og me fekk endelig ta i bruk dei nye banane våre.
Tidenes største Voss Cup vart ein suksess på alle punkt, og ei betre innviing av dei nye banane kan knapt tenkjast.

Så over til det sørgjelege - natt til Onsdag 21.06 vart dei flunk nye banane våre nytta som nattklubb av ei gruppe ungdommar.
Dette var ikkje de me hadde i tankane når me jobba døgnet rundt for å komma i mål med Voss Cup.

FBK Voss ynskjer ikkje at vårt anlegg skal vikariera for eit utelivstilbod for ungdomar, men vera eit samlingspunkt for alle som vil delta i fotballen, organisert som uorganisert. Morgontimane har idag gått med til å rydda banane klare til det dei skal brukast til, og me kan nok ein gong trilla ballen uhindra på graset.

Me ynskjer alle velkomne til fotballen, men då med ball i beina og scoring i sikte.
På biletet under er eit eksempel på korleis flaskeknusing kan vera ei stor fare for fotballspelarar som kjem etter - klarar du å finne glasskåra?

Custom image


Fotball skal og er ein idrett for alle, uavhengig av kven ein er, kvar ein kjem frå og kva ein tenkjer og trur.
Det me alle er sameinte om er fotballen som aktivitet, der me alle ser samde om kva som er viktig.

Dei som etter natta kjenner på meir en berre sjølvpåført hoveverk, har kanskje forstått kva som ligg i ei fotballbane, meir en gras, mål, linjer og hardt arbeid.
Kanskje nokon ser det større biletet - og me har garantert plass til dei også!
La banane våre bli brukt til det dei skal - la ballen trille!