[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Ny påmelding til Voss Energi Akademiet!

Forfatter: FBK Voss

14. desember 2022

Forside
News article image

Påmeldinga til Voss Energi Akademiet for vinter og våren 2023 er open!

I haust var det 37 ivrige ungdommar som var påmeld akademiet. Me håpar på like god påmelding no.

Målet er å gje dei ivrigaste jentene og gutane i ungdomsfotballen eit tilrettelagt og godt ekstratiltak, om òg i mykje større grad skal legge grunnlaget for ein felles «raud tråd» for ungdomsfotballen i klubben. Det vil bli jobba målretta med ulike fasar av spelet gjennom spel/motspel, samt rolletrening med fokus på individuelle og relasjonelle ferdigheiter.

I vinter/vår vil det vere tilbod om ei ekstra morgonøkt for alle spelarar i ungdomsskulealder (2007-2009).


Tid: Fredagar 06.55-08.15. Med stor påmelding, kan det bli aktuelt med to ulike dagar så lenge me er innandørs.

Kven: 8.-10. klasse

Stad: Idrettshallen / Prestegardsmoen Olabanen

Pris: 350,-

Oppstart: 13.januar

Akademiet vert leia av Magne Himle, som får med seg fleire utdanna og erfarne trenarar.

Les info i påmeldingsskjema og meld deg på her

Spørsmål? Kontakt Magne på [email protected]