[email protected]


Logo
Bli medlem
Bestille buss

Kjenner du Årets Eldsjel i FBK Voss?

Forfatter: Knut-Erik Sivertsen

07. februar 2025

Forside
News article image

På årsmøte 20. mars skal Årets Eldsjel kårast til ein eller fleire personar som har utmerka seg med ekstra stor dugnadsinnsats for klubben føregåande sesong.

Det er mykje dugnadsarbeid som vert lagt ned kvart år for klubben vår, og det er mange som hadde fortent ein ekstra klapp på skuldra for all innsats og tid dei legg ned.  

På kvart årsmøte vert årets eldsjel utdelt.  

Årets eldsjel har gjort ein ekstraordinær innsats for klubben over tid og har utan eigeninteresse gjort eit solid, frivillig arbeid i klubben utover det ein kan forventa. Personen har til ei kvar tid lagt klubbens visjon, mål og verdiar til grunn i sitt arbeid. Vedkommande kan ikkje vera tilsett i klubben.  


Send inn ditt forslag med grunngjeving til [email protected]

Frist: 03.03.25.