VIL DU VERE MED Å SKAPE FLEIRE STOLTE AUGNEBLINK I FBK VOSS ?
Forfatter: Silje Hauge
13. november 2020
Fotballklubben Voss søkjer no etter ein kunnskapsrik, taklingsterk, engasjert, humørfylt og offensiv medspelar i 100% stilling!
Fotballklubben Voss vert i 2021 100 år og er kjend som ein tradisjonsrik klubb i Hordaland med 55 lag og ca.550 aktive spelarar. Klubben held til på eit flott anlegg i Prestegardsmoen og er eigar av to kunstgrasbanar og brukar av 2 grasbanar. I dag spelar klubben sine A-lag for herrer og damer i hhv 4. og 3.divisjon.
Me er stolt arrangør av Noregs største barnefotballturnering Voss Cup som i 2021 vil bli arrangert for 30.gong! Voss Cup gjev oss inntekter som mellom anna har gjort at me har kunne opparbeida oss det flotte anlegget me har i dag!
Fotballklubben Voss er på trappa til å bli sertifisert som Kvalitetsklubb nivå 1 og ynskjer å vidareutvikla det breide og gode aktivitetstilbodet me har i dag.
Me har ambisjonar om å vere ein TOPP breiddeklubb, med tilbod til alle! Me ynskjer at topp skal vere med på å skape breidde og at breidde skal vere med på å skape topp.
Personlege eigenskapar
- Initiativrik, strukturert og tydeleg.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Utadvendt og relasjonsskapande.
- Stor arbeidskapasitet.
- Brennande engasjement for å utvikle born og unge.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Godt humør og glad i vørterøl 😊
Ynskja kvalifikasjonar
- Solid erfaring som trenar og prestasjonsutvikling i fotball.
- UEFA B-lisens eller høgare er ein fordel.
- Idrettsleg utdanning/bachelor er ein fordel.
- Pedagogisk utdanning er ein fordel
- Mindre enn 3 gule kort i løpet av karriera😊
Sentrale arbeidsoppgåver
- Instruktør for klubben sitt Telenor Xtra FFO-tilbod
- Bidra til utvikling av klubben sine arrangement (fotballskular, ekstra-tiltak, Telenor Xtra FFO mm.).
- Bidra og iverksetja kompetansehevande tiltak for trenarar
- Sportsadministrative oppåver
- Alltid sette på ny kaffi når det er tomt 😊
Deler av arbeidstida vil vera lagt til kveldstid og helg, då store delar av aktiviteten vår føregår på denne tida
Tiltreding etter avtale, men så tidleg som mogleg i 2021.
Løn etter avtale (avhengig av antal gule kort i løpet av karierra ..)
Spørsmål kan rettes til Dagleg leiar i FBK Voss; Silje Hauge, telefon 480 22 272.
Skriftleg søknad med CV og anna relevant dokumentasjon skal sendast til: [email protected].
Søknadsfrist: 01.12.2020