[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Vel gjennomført Årsmøte i FBK Voss

Forfatter: Silje Hauge

11. mars 2021

Forside
News article image

Onsdag 10.mars vart det avhalde Årsmøte i FBK Voss på Park Hotel Vossevangen for 35 frammøtte.

Styreleiar Roger Hovland leia oss stødig gjennom Årsmeldinga for "koronaåret" 2020. Trass avlysning av alle arrangement, avlyst sesong for seniorlaga og kun halv sesong for barne- og ungdomsfotballen har klubben kome seg fint gjennom året og har oppretthalde så høg aktivitet som har vore mogleg ut i frå dei gjeldande retningslinjene for smittevern.

Det var ingen innkomne saker, men Styreleiar i Voss Fotball AS, Torgils Bryn, heldt eit orienteringsinnlegg om det planlagte Idrettshuset i "Eksperthaugen". Dette er eit prosjekt som ein ser på moglegheiten for å realisera i samarbeid med Voss IL. Det vart synt skisser av huset og medfylgjande kulvert som kan nyttast av friidretten på vinterstid, men òg med moglegheit for å nyttast av fotballen til aktivitet innandørs vinterstid. I forbindelse med Idrettshuset ser ein òg på å skifte frå gras til kunstgras med undervarme på hovudbanen. Her ynskjer ein å nytte seg av restvarme frå Vossabadet. Dette vil ha konsekvensar for ein del av kastøvingane til Voss IL som ikkje kan gjennomførast på kunstgras. Leiar i Voss IL, Tore Tvilde, stilte på Årsmøte og fortalte at idrettslaget er positive til å skifte ut underlaget om dei får tilrettelagt eit godt kast-område på Gras2. Tvilde påpeika at det var lite aktivitet på hovudbanen med dagens underlag og at han såg det positive med auka aktivitet totaltsett på anlegget.

Det er medlemmane til FBK Voss og Voss IL som skal ta stilling til om Idrettshuset er noko ein ynskjer å byggja. Når finansieringsplanane for bygging og drift er klare vil det kallast inn til eit felles ekstraordinært Årsmøte for Voss IL og FBK Voss.

Du kan sjå meir om Idrettshuset i vedlagt prospekt.


Det vart avhalde val der nytt Styre, Valkomitè og Kontrollkomitè vart sett. Ut av Styre gjekk Lene Rogde Jensen, Trond Syversen og Solveig Tepstad. Desse vart takka av med blomar etter mange års innsats.

Styre i FBK Voss for 2021:

Styreleiar: Roger Hovland

Nestleiar: Egil Selvåg

Styremedlem: Øystein Ygre Skorve, Mari Aker, Tommy Bøe, Kari Trana, Ann Kristin Mæland Vedå (vara)

Valkomitè: Rolf Haukås, Trond Syversen, Lene Rogde Jensen

Kontrollkomitè: Arild Petersen, Tor Tvilde, Leif Johan Mandelid (vara), Sebastian Bolstad (vara)


Det vart òg utdeling av Årets spelar i Ungdomsfotballen då ein i 2020 ikkje fekk moglegheit til å arrangere den tradisjonelle Årsfesten i Ungdomsfotballen.

Desse flotte representantane for FBK Voss fekk utdelt pokal for Årets spelar 2020:

J13: Kristin Grace Pilar Mateo

J14: Hedda Marie Hernes

J15: Norun Skjeldal

J17: Tuva Hus Gregersen (ikkje tilstades)

J19: Ine Dahle Hegle (ikkje tilstades)

G13: Markus Aas Bergstrøm

G14: Joachim Midtun

G15: Henrik Magnusson Lydvo (ikkje tilstades)

G16: Anders Melve Roti

G19: Brede Skiple (ikkje tilstades)

Dugnadskruset for 2020 gjekk til ei lettare ovverraska Kari Trana for sitt gode engasjement og fantastiske dugnadsånd.

Kari har i 2020 vore lagleiar for Hr2/Jr-gruppa og site i Ungdomsfotballutvalet. Når ho no trekk seg ut av desse verva er me glade for å fortsatt kunne nytte oss av hennar kunnskap og engasjement i Styre i FBK Voss.


FBK Voss gratulerar så mykje til velfortente utmerkingar og ser fram mot eit spennande 2021! :-)


Biletedryss frå Årsmøte:

Custom image

Dugnadskruset til Kari Trana