[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Dugnad Voss Cup

Forfatter: FBK Voss

10. mai 2024

Forside
News article image

Har du hugsa å melda deg til dugnad under Voss Cup?

Voss Cup nærmar seg, berre 35 dagar til avspark. Som tidlegare kommunisert ynskjer me at alle føresatte tar ei dugnadsvakt kvar. Mange har alt meldt seg og fått utdelt ei vakt, men det er fortsatt mogleg å melda seg til dugnad her.

Alle vaktlister vert sendt ut på nytt når Voss Cup nærmar seg, i lag med utfyllande informasjon om oppmøtestad o.l.

Me gjer merksam på at dei som ikkje registrerer seg og legg inn ynskjer i dugnadsskjemaet, likevel kjem til å få utdelt ei dugnadsvakt. Dersom du ikkje kan jobba dugnad, ynskjer me at du registrerer det i skjemaet.

I tillegg til den ordinære dugnaden har mange av laga ein eigen lagdugnad. Den jobben er betalt, og pengane går til lagskassa. Me legg ved oversikten over dei ulike lagdugnadane i år.

Tusen takk for at de stiller opp!

Lag

Dugnad

J 13 år (f. 2011)

Vinkedugnad ved Avisa Hordaland sundag + miljøpatrulje

G 13 år (f. 2011)

Velkomstkomite Voss stasjon fredag + miljøpatrulje

J 14 år (f. 2010)

Matsal; planlegging og gjennomføring

G 14 år (f. 2010)

Lagfoto; planlegging og gjennomføring

J 15 år (f. 2009)

Matsal; planlegging og gjennomføring

G 15 år (f. 2009)

Disko; planlegging og gjennomføring