[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Olaprisen 2021

Forfatter: Silje Hauge

18. mars 2022

Forside
News article image

Olaprisen for 2021 vart, grunna ein avlyst Årsfest i Ungdomsfotballen, utdelt på Årsmøte. Initiativtakarane Astrid Egge og Per Kristian Ødegaard var på plass for å sjå overrekkinga til ein verdig mottakar av prisen.

Her kjem det som vart lest opp då Oda Bakketun Petersen fekk utdelt Olaprisen for 2021:


"Statuttar for Ola-prisen

1. For å heidra minnet om Ola Egge Ødegaard har Astrid Egge og Per Kristian Ødegaard tatt initiativ til utdeling av Ola-prisen.

2. Ola-prisen er eit bilete av Sveinung Iversen.

3. Prisen vert delt ut til ein spelar i alderen 13 – 19 år i Fotballklubben Voss (FBK Voss).

4. Trenarar, støtteapparat eller andre med innblikk i aktiviteten på laga og/eller klubben har høve til å fremja grunngjevne framlegg om aktuelle kandidatar.

5. Ola-prisen vert utdelt på årsfesten til FBK Voss. Styret utnemner kvart år ein komité som vurderer kandidatane og gjer vedtak.

6. Ein spelar kan kun tildelast Ola-prisen ein gong.

«Ola-prisen vert kvart år delt ut til ein spelar i FBK Voss som over tid har synt stor iver og eit over gjennomsnittet engasjement for fotballen, laget og klubben. Ein ynskjer å gje ei påskjønning til lagspelaren med gode haldningar, som møter på trening for å trene og som ynskjer å utvikle seg. Det vert lagt vekt på at spelaren er ein viktig bidragsytar inn mot gruppa og laget.»

Ola-Prisen 2021

Går til ein spelar som alltid har hatt godt treningsoppmøte, og som gjennom alle år har hatt stort fokus både på eigen utvikling og utvikling av laget og medspelarane sine. Dette fokuset resulterte i ein fast plass i kretslagstroppen over tid, deltaking på utviklingsakademi, samt tidleg debut i seniorfotballen. I tillegg til å bruke mykje tid på å utvikle seg sjølv og laget sportsleg, har prisvinnaren synt eigenskapar utover det å ha fokus på seg sjølv og eigen utvikling. Prisvinnaren har bidrege inn i fotballklubben Voss med meir enn gode prestasjonar som fotballspelar og som representant for klubben utanfor kommunegrensene, vedkommande har òg synt stor kapasitet og bidrege med kunnskap og erfaring til det beste for yngre spelarar i klubben.

Denne spelaren har tileigna seg trenarkompetanse gjennom fleire trenarkurs, har bidrege som trenar i basistrening for dei yngre spelarane i klubben, har vore trenar i Prosjekt Voss, og trass ung alder - hjelpetrenar for eldre ungdomslag. Prisvinnaren har òg bidrege som dommar i barne- og ungdomsfotballen i FBK Voss når det har vore behov for det. Dette vitnar om ein person som i tidleg alder har sett verdien av å kunne bidra vidt i klubben, spesielt for dei yngre spelarane, og som ser at fotball handlar om meir enn prestasjonar på banen. Prisvinnaren går på denne måten fram som eit flott førebilete for andre, både yngre og eldre spelarar.

Å vera del av ein kretslagstropp i 3 år, jamnleg deltaking på Sandviken sitt utviklingsakademi fram til korona og debut i seniorfotballen i ein alder av 15 år, vitnar om at prisvinnaren 2021 er ein god fotballspelar. I tillegg til tekniske og relasjonelle gode fotballferdigheter, må ein trekke fram ein av hennar kanskje aller beste eigenskapar, ho er klok. Dette gjenspeglar seg på banen, men òg i prioriteringar og evna til å sjå verdien av bidrag inn i noko større. Denne klokskapen har ikkje minst kome fram dette siste året. I eit krevjande år der dei fleste i ein tilsvarande situasjon truleg hadde hatt behov for å trekke seg vekk, har prisvinnaren valgt å bidra med tilstedeværelse både på trening og kamp med laget sitt. Ho har angripe ein særs krevjande periode, der helseutfordringar sette livet litt på vent, med beundringsverdig opneheit og pågangsmot, og har gjennom sin væremåte gjort dei rundt seg trygge når ho sjølv har vore på sitt mest sårbare.

Prisvinnaren 2021 representerer FBK Voss sine verdiar på ein eksemplarisk måte, både som flink fotballspelar, men ikkje minst som eit utruleg flott menneske!

Ola-Prisen 2021 går til Oda Bakketun Petersen!