Vellukka ungdomsfest
Forfatter: Kjersti Bakketun
22. november 2026

270 ungdommar var denne veka samla til avslutning på årets sesong og ungdomsfest. Her vart gode prestasjonar feira og ungdomsdommarar og trenarar heidra. Årets Ola-pris gjekk til Tobias Bassøe Bakketun. Under fylgjer grunngjevinga for utdelinga, samt statuttane for Ola-prisen.
Ola-prisen 2026
Årets prisvinnar har gjennom alle åra i klubben vist seg som ein spelar med stor iver etter
å bli betre i fotball gjennom deltaking på lagstreningar, FFO, Akademi og eigentrening.
Spelaren har alltid hatt eit godt treningsoppmøte, og har i tillegg alltid trena med
kvalitet. På denne måten har spelaren vore viktig for laga og gruppene ved å vera ein
pådrivar for at alle skal yte sitt beste. I tillegg har spelaren ofte gjort dette med eit smil og
ein høfleg innstilling til dei som er rundt. Spelaren har alltid vore til å stole på.
Årets prisvinnar har for vane å stille opp når nokon ber om det. Vedkommande har ofte
spelt for fleire lag, saman med både eldre og yngre, og samstundes tatt seg tida til å vera
instruktør for yngre born på ulike fotballskular. Det er heller ikkje vanskeleg å få med
denne personen på dugnad.
Spelaren har framleis både vilje og lyst til å bli betre, og han er eit godt eksempel på
spelarar som Fotballklubben Voss vil ha behov for i åra framover! Han er positiv til alle
utfordringar. Denne sesongen har han trena og spelt kampar med mange lag. Herre 1,
Herre 2, G19 og G16 på Dana cup, og han har vore ein viktig bidragsytar på alle laga.
Vinnar av Ola-prisen 2026 er: Tobias Bassøe Bakketun
Statuttar for Ola-prisen
Ola-prisen vert kvart år delt ut til ein spelar i FBK Voss som over tid har synt stor iver og
eit over gjennomsnittet engasjement for fotballen, laget og klubben. Ein ynskjer å gje ei
påskjønning til lagspelaren med gode haldningar, som møter på trening for å trene og
som ynskjer å utvikle seg. Det vert lagt vekt på at spelaren er ein viktig bidragsytar inn
mot gruppa og laget.
1. For å heidra minnet om Ola Egge Ødegaard har Astrid Egge og Per Kristian Ødegaard
tatt initiativ til utdeling av Ola-prisen.
2. Ola-prisen er eit bilete av Sveinung Iversen.
3. Prisen vert delt ut til ein spelar i alderen 13 – 19 år i Fotballklubben Voss (FBK Voss).
4. Trenarar, støtteapparat eller andre med innblikk i aktiviteten på laga og/eller klubben
har høve til å fremja grunngjevne framlegg om aktuelle kandidatar.
5. Ola-prisen vert utdelt på årsfesten til FBK Voss. Styret utnemner kvart år ein komité
som vurderer kandidatane og gjer vedtak.
6. Ein spelar kan kun tildelast Ola-prisen ein gong.