[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

EIRIK EEN HELD FRAM SOM HOVUDTRENAR

Forfatter: Silje Hauge

18. november 2020

Forside
News article image

Eirik Een held fram som hovudtrenar for FBK Voss sitt herrelag i 4.divisjon sesongen 2021.

Sesongen 2020 har vore utfordrande for seniorlaga. Covid-19 har medført stans i all kampaktivitet for dei over 20 år og myndigheitene har ikkje opna opp for kontakttrening for våre spelarar. Med mange spelarar over 20 år i troppen har dette gjort det vanskeleg og uforutsigbart i treningsplanlegging og gjennomføring.


Trass desse forutsetningane har Eirik, Hallgeir Finbråten og Espen Stueland saman med spelarane stått i det og gjennomført gode treningar. Dei har òg i periodar bidrege med treningar på klubben sine G15, G16 og G19 lag.


Eirik går inn i sin tredje sesong som hovudtrenar for herrelaget. I sin fyrste sesong tok Eirik laget opp frå 5. til 4.divisjon. Eirik har store ambisjonar om å vidareutvikla klubben sine seniorlag. FBK Voss ynskjer å gje Eirik moglegheita til å fortsetja det gode arbeidet han har starta.


Me ynskjer Eirik og herrelaget lukke til i jubilèumssesongen 2021! :-)