[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Voss-gutar vann Varegg Cup

Forfatter: Knut-Erik

16. mars 2026

Fotball
News article image

Voss-gutar vann Varegg Cup

FBK Voss sine gutar fødde i 2013 gjekk heilt til topps i Varegg Cup i Bergen. Turneringa gjekk over to helger og samla lag frå fleire klassar. Voss stilte med to lag i G13, G14 og G16, og eitt lag i G19.

I G13-klassen deltok over 50 lag, og FBK Voss 1 gjekk heile vegen til topps i sluttspel A etter sju strake sigrar i turneringa. Finalen vart spelt søndag og enda med 1–0-seier til Voss, etter at Eirik Brunborg sette inn kampens einaste mål.

Den mest dramatiske kampen kom i semifinalen. Der låg Voss under 0–2, men leverte ein svært sterk andreomgang og snudde kampen til 5–2.

Gjennom turneringa viste laget både offensiv styrke og solid lagspel. Totalt vart det 38 skåra mål og berre 6 innslupne, noko som også gjorde Voss til laget med tredje flest mål i heile klassen.

Turneringssigeren vart dermed ei sterk prestasjon i eit stort felt og ein flott start på sesongen for Voss-gutane.