[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

FOTBALLSKULE 9.-13.AUGUST

Forfatter: Silje Hauge

21. juni 2021

Forside
News article image

Hei jenter og gutar 8 - 12 år !
Har de lyst å vere med på FBK Voss sine Fotballskule i august?

Hei jenter og gutar 8 – 12 år ! (fødd: 2013 – 2009)

Har de lyst å vere med på FBK Voss sine Fotballskule i august?

Då må de setje av veke 32 ( 9.-13. august)

Tid: Oppmøte Voss idrettshall frå kl 09. Henting innan kl 15!

Aktiviteten vil føregå kl 09.30 – 14.30. Matpause kl 11.15-12.15: Alle må ta med niste og drikke!
Borna vil få frukt kvar dag, samt at me grillar siste dagen.

Stad: Prestegardsmoen kunstgrasbanar

Trenarar: FBK Voss sine trenar- og spelarutviklarar saman med trenarar og spelarar frå klubbens dame og herrelag. Samt at me jobbar med spennande og dyktige gjestetrenarar som garantert blir populære blant spelarane!

Fotballfagleg innhald: Det blir lagt opp til artige og utviklande økter kor målsetjinga er å forbetre spelarane sine fotballferdigheiter, kombinert med ei knallkjekk veke med gamle og nye fotballvener.
Det skal skapast kjekke fotballminner på og utanfor treningsfeltet 😊

Andre aktivitetar:
For å variere innhaldet i aktivitetstilbodet inkluderar me bading i Vossabadet / Vangsvatnet og fotballgolf på Eenstunet i programmet 😉

DETALJERT VEKEPROGRAM KJEM PÅ EIGEN MAIL I GOD TID FØR OPPSTART!

Påmelding : Trykk her

Påmeldingfrist måndag 2.august !

Det er 60 plassar tilgjengeleg og førstemann til mølla prinsippet.

Har du spørsmål?
Send mail til: [email protected]