Ungdomsfesten 2023
Forfatter: Jon Sindre Rødland
12. desember 2023
Helie 220 fotballglade ungdom, jenter og gutar, i alderen 13-19 år, stilte pynta opp til den tradisjonsrike avslutningsfesten på Park Hotel.
Saman med trenera og lagleiarar var det ca. 260 personer samla til ein velfortjent festkveld.
FBK Voss synte video og bilete frå sesongen fra lagene og video fra Dana Cup, hvor hele 146 spillere deltok. Bildene og videoene vist at det har vært en lang og innholdsrik sesong.
G-19 gutta tok ansvar og bydde opp til en felles rungande sang «Du Vene Voss», da runget det godt i Vossa salen da😊
Styreformann Roger Hovland takka alle trenara og lagleiara for ein fantastisk innsats gjennom sesongen, i all slags vær. Roger takka også for tålmodigheten til trenara og lagleiara i perioden klubben var utan bane grunna flaum og takka alle nabo klubbene for at FBK Voss fikk tildelt treningstid på deira banar.
Tradisjonen tru vart Ola-Prisen delt ut denne kvelden på Park Hotel og under er det som vart lest opp om vinneren:
«Statuttar" for Ola-prisen:
- For å heidra minnet om Ola Egge Ødegaard har Astrid Egge og Per Kristian Ødegaard tatt initiativ til utdeling av Ola-prisen.
- Ola-prisen er eit bilete av Sveinung Iversen.
- Prisen vert delt ut til ein spelar i alderen 13 – 19 år i Fotballklubben Voss (FBK Voss).
- Trenarar, støtteapparat eller andre med innblikk i aktiviteten på laga og/eller klubben har høve til å fremja grunngjevne framlegg om aktuelle kandidatar.
- Ola-prisen vert utdelt på årsfesten til FBK Voss. Styret utnemner kvart år ein komité som vurderer kandidatane og gjer vedtak.
- Ein spelar kan kun tildelast Ola-prisen ein gong.
«Ola-prisen vert kvart år delt ut til ein spelar i FBK Voss som over tid har synt stor iver og eit over gjennomsnittet engasjement for fotballen, laget og klubben. Ein ynskjer å gje ei påskjønning til lagspelaren med gode haldningar, som møter på trening for å trene og som ynskjer å utvikle seg. Det vert lagt vekt på at spelaren er ein viktig bidragsytar inn mot gruppa og laget.»