Jentelaurdag i strålende sol
Forfatter: Linda Fostervoll Kvamme
15. april 2024
Banane på Prestegardslandet bada i sol då om lag 60 fotballglade jenter frå 6-12 år inntok kunstgraset laurdag morgon 6.april.
FBK Voss kunne, i samarbeid med Sparebanken Vest, arrangere jentene sin fotballdag.
Det var utruleg kjekt at så mange møtte opp til ein dag fylt med høg aktivitet og fotballglede. Økta vart leia av eldre spelarar knytt til dame seniorlag og ungdomslag i klubben (Damegruppa og jenter 16), og desse spelarane laga til ei flott trening for klubben sine yngste jentelag.
Dagen starta med felles aktivitet, der heile 60 jenter leika «Haien kjem» på tvers av alder. Deretter vart dei delt i grupper, 2 og 3 årskull saman, og alle fekk ei fin fotballøkt som inneheldt både leik, øving og spel. Det var stort engasjement i alle gruppene.
Medan spelarane var i aksjon jobba frivillige foreldre med å få steikt opp vafler til alle saman, og då økta var ferdig kunne dei kosa seg med vafler, is og smoothie i den fine sola.
Jentene var heilt einige om at dei ville ha fleire slike Jentelaurdagar😊