[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Påmeldinga til Voss Energi Akademiet er opna

Forfatter: FBK Voss

21. august 2022

Forside
News article image

Påmeldinga til Voss Energi Akademiet for hausten 22 er opna!

For eit år sidan starta FBK Voss opp med Voss Energi Akademiet. Dette er eit tiltak me ynskjer å vidarutvikle.

Målet er å gje dei ivrigaste jentene og gutane i ungdomsfotballen eit tilrettelagt og godt ekstratiltak, om òg i mykje større grad skal legge grunnlaget for ein felles «raud tråd» for ungdomsfotballen i klubben. Det vil bli jobba målretta med ulike fasar av spelet gjennom spel/motspel, samt rolletrening med fokus på individuelle og relasjonelle ferdigheiter.

I haust vil det vere tilbod om ei ekstra morgonøkt for alle spelarar i ungdomsskulealder (2007-2009). Det kjem ny påmelding til vinteren, med mogleg utviding.

Tid: Måndag 06.55-08.15 (5.sept - 12.des)

Kven: 8.-10. klasse

Stad: Prestegardsmoen Olabanen/Idrottshallen

Pris: 350,- per månad

Oppstart: Måndag 5.september

Akademiet vert leia av Magne Himle, som får med seg fleire utdanna og erfarne trenarar.

Les info i påmeldingsskjema og meld deg på HER

Spørsmål? Kontakt Magne på [email protected]