[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Innkalling til ekstraordinært årsmøte i FBK Voss

Forfatter: Kjersti Bakketun

22. oktober 2026

Forside
News article image

Til medlemmene i FBK Voss

Styret i FBK Voss kallar med dette inn til ekstraordinært årsmøte.

Tid: Torsdag 5. november 2026 kl. 19.00

Stad: Idrettshuset

Bakgrunn for saka

På årsmøtet i mars 2026 vedtok medlemmene å løyva inntil kr 500.000 til gjennomføring av eit forprosjekt for etablering av aktivitetshall. Føremålet med forprosjektet var å skaffa eit godt og realistisk grunnlag for vidare vurdering av prosjektet, medan eventuell avgjerd om bygging skulle takast av årsmøtet på eit seinare tidspunkt.

Sidan årsmøtet har styret, saman med prosjektleiar og innleigde fagressursar, arbeidd med forprosjektet i tråd med mandatet som vart vedteke. Arbeidet har omfatta dialog med Voss herad, vurdering av reguleringsmessige forhold, tekniske løysingar, plassering, utforming og konsekvensar av ein eventuell aktivitetshall. Ei hovudoppgåve i forprosjektet har vore å utarbeida grunnlag for ein søknad om reguleringsendring, og å leggja fram eit best mogleg avgjerdsgrunnlag for medlemmene.

Styret vurderer no at saka er tilstrekkeleg utgreidd til at medlemmene kan ta stilling til om FBK Voss skal gå vidare med neste steg i prosessen, ved å senda inn søknad om reguleringsendring til Voss herad.

Det er viktig å understreka at saka berre gjeld om klubben skal be om å få regulert inn aktivitetshall i gjeldande planverk. Ei eventuell framtidig avgjerd om bygging, finansiering og gjennomføring av prosjektet vil koma tilbake til årsmøtet som eiga sak dersom reguleringsprosessen fører fram.

Saksliste

Sak 1

Godkjenning av innkalling, sakliste og møtereglar.

Sak 2

Val av dirigent, referent og to medlemar til å skriva under protokollen.

Sak 3

Aktivitetshall på FBK Voss sitt anlegg.

Årsmøtet til FBK Voss vedtok våren 2026 at FBK Voss skulle gjennomføra eit forprosjekt for Aktivitetshall Voss, og at resultatet skulle leggjast fram for årsmøtet før klubben kunne gå vidare. Forprosjektet er no (nesten) ferdigstilt.

Det er viktig å merka seg at dette ekstraordinære årsmøtet ikkje skal ta stilling til bygging av hall. Det einaste som skal avgjerast er: Om FBK Voss skal senda inn søknad om reguleringsendring til Voss herad.

Styret i FBK Voss tilrår fylgjande forslag til vedtak

Vedtak: Det ekstraordinære årsmøte vedtek at FBK Voss går vidare med innsending av søknad om reguleringsendring til Voss herad for etablering av aktivitetshall i samsvar med framlagt forprosjekt, og at det ekstraordinær årsmøte gjev styret i FBK Voss fullmakt til å ferdigstilla planinitiativet og gjennomføra nødvendig dialog med Voss herad fram mot godkjent reguleringsendring.

Saksdokument

Naudsynt dokumentasjon vert presentert på møtet.

Stemmerett

For å ha stemmerett må medlemmen ha fylt 15 år, vore medlem i minst éin månad og ha oppfylt medlemspliktene sine (betalt kontingent). Ingen kan møta eller stemma ved fullmakt. Tilsette i klubben har ikkje stemmerett på årsmøtet eller ekstraordinært årsmøte.

Med helsing

Styret i FBK Voss

Egil Nidarson Selvåg
Styreleiar