Sportsplan FBK Voss 2020-2022
Forfatter: Silje Hauge
08. september 2020
Fotballklubben Voss har utarbeida ein sportsplan som skal vere eit hjelpemiddel for trenarar, lagleiarar, foreldre, spelarar og andre ressurspersonar som er involvert i klubben.
Fotballklubben Voss har utarbeida ein sportsplan som skal vere eit hjelpemiddel for trenarar, lagleiarar, foreldre, spelarar og andre ressurspersonar som er involvert i klubben. Sportsplanen gir retningslinjer som er forankra i klubben sitt styre, og er difor eit styrande dokument som klubben sine medlem og bidragsytarar skal forhalda seg til. Me ynskjer å formidle sunne og gode verdiar for all aktivitet, både på og av bana og me håpar å kunne utvikle ei forståing for lagspelet i det mangfaldet fotball utspelar seg i.
Me håpar og trur at sportsplanen skal kunne bidra til ein heilskap i arbeidet vårt og auka ME-kjensla i FBK Voss. Sportsplanen skal reviderast kvart år av Sportsleg Utval (SU). Planen er godkjent av styret i FBK Voss.