Æresmedlem
Forfatter: Silje Hauge
18. mars 2022
Den 12.02.2022 fekk Einar Melve overrekt æresmerke og æresmedlemskap i Fotballklubben Voss for lang og tru teneste i klubben.
Etter lang tids sjukeleie, og den triste beskjeden om at det gjekk mot slutten for Einar, kom det inn forslag til Styre i FBK Voss om at han burde tildelast eit æresmedlemskap. Styre gjekk einstemmig inn for forslaget og Styreleiar Roger Hovland hadde ei formell overrekking på Voss Sjukehus. Einar gjekk bort den 18.02.2022 og FBK Voss er glad for at ein fekk heidra Einar for lang og tru teneste før hans bortgang. På Årsmøte den 16.03.2022 vart æresmedlemskapet formalisert.
Her er kva Styreleiaren las opp ved utdelinga den 12.02:
Æresmedlemsskap til Einar Melve, 12.02 2022.
Fotballklubben Voss feira i 2021 sitt 100 årsjubileum. Det er mange som har jobba hardt for å forma fotballklubben til den klubben det i dag har blitt. Men nokon har gjort langt meir for FBK Voss enn kva som er forventa, og gjort fotballklubben til ein stor del av livet sitt, og samtidig blitt ein stor og viktig del av fotballklubben si historie. Det er nokon slike eldsjeler, som har eit engasjement skyhøgt over gjennomsnittet.
Du, Einar, du er ei slik eldsjel. Gjennom mange tiår, dagar og timar har du heile tida jobba for det beste for FBK Voss. For FBK Voss har du vore ein mann med ein enormt engasjement for klubben i ditt hjarta. Du har med hjarta og sjel vigd heile ditt vaksne liv til FBK Voss.
Herrelaget har du vore spesielt vore opptatt av. Med klare ambisjonar og eit klart mål; utvikla FBK Voss best mogleg. Draumen om å kjempa på eit høgare nivå har du alltid hatt med deg. Fokuset ditt har vore å utvikla, og heile tida jobba mot å ta nye steg. Det er ikkje reint få spelarar, trenarar og lagleiarar som har kome og gått i di tid. Felles for dei er at dei alle har vorte følgt opp av deg Einar. Du har følgt opp spelarar og personarar rundt laget på ein framifrå måte. I oppturar og nedturar, og du har jobba i kulissane for å leggje til rette for alle saman. Å halde ut i så mange svingingar og at folk har vorte skifta ut i alle ledd, det grev ein god porsjon pågangsmot – men og ein god porsjon staheit!
Du har opparbeid deg eit enormt kontaktnettverk i fotball-Noreg, og inn mot andre klubbar. Glasgow Rangers kom til Voss, og Brann og Sogndal har vore her. Det hadde nok ikkje skjedd utan deg. Nettopp Brann-kampen i 2006 med 2500 tilskodarar på tribunen var nok også for deg eit stort høgdepunkt. Slik skulle nok du Einar ynskt det var på kvar einaste heimekamp. Samtidig har du vore med å påverka at me på Voss har ei heilt unik ramme rundt kampane våre. Denne ramma er unik for breiddefotballen, og ei ramme som er velkjent i Hordalandsfotballen. Det er noko spesielt å kome til Voss for å spele fotball, og denne ramma har du vore med å utvikla.
Denne ramma rundt kampane har du også skapt i laga og klubben. Tilrettelegging og planlegging ned på detaljnivå. Terminlister, treningskampar, treningsleirar, sosiale tiltak, spelarlogistikk, trenarjakt og så mykje meir har du tatt deg av. «Husk å ta med sengetøy til treningshelg i Aurland», var ei overskrift på ein mail du sendte ut til spelarar på herrelaget. Då er me på detaljnivå av planlegging.
Felles for alle som har vore innom fotballklubben er at dei har blitt møtt av deg med respekt og verdigheit. Du har brydd deg om menneska i klubben på ein unik måte. Folk som kjenner deg beskriv deg som ein utruleg omsorgsfull, snill mann med gode verdiar – og dette synes igjen i arbeidet ditt for klubben. Det å utvikla gode fotballspelarar var viktig, men minst like viktig var å utvikle oss på det menneskelege plan.
Hadde det vore ein adelskalender for kor mange fotballkampar ein har sett av a-laget så hadde nok du vore høgt oppe, om ikkje heilt på toppen. Ei historie fortel om a-laget som skulle ha kamp i Rogland. Du mista bussen. Men kven dukka ikkje opp til kampstart, jo det var deg Einar. Då hadde du tatt rutebuss for å få med deg kampen. Dette er engasjement og kjærleik i praksis, og viser kor viktig fotballen er for deg.
Det er ikkje berre FBK Voss du har satt ditt preg på, men og heile idrettsbygda Voss, og du har tatt på deg uttalige verv. Blant anna oppmann, styremedlem, ansatt i administrasjonen, verv i krets, pådrivar for OL til Voss, starta Vossaton og medlem i idrettsrådet. I tillegg til både speaker på kampar, og under cupar. Og ikkje minst så var du med å starta Smalahovecupen, og du har vorte Mr. Smalahovecup. Den cupen har du verkeleg lagt di hand på. Du har gjort ein solid jobb inn mot sponsorar, og arrangert haustkonferanse og sponsorstreff.
Idrettsbygda Voss har mykje å takka deg, Einar, for, og det same kan ein seie om fotballmiljøet i Hordaland. Det er mange i dette miljøet som har hatt ein prat med deg, og du yter stor respekt i Hordalandsfotballen.
På bakgrunn av den unike innsatsen du, Einar, har gjort for Fotballklubben Voss i ei årrekke har styret i fotballklubben Voss har beslutta å gje deg æresmedlemskap i klubben. På vegne av heile klubben; tusen takk for alt du har gjort for FBK Voss!
Styret i Fotballklubben Voss.