VOSSACAMPEN VEKE 31
Forfatter: Silje Hauge
23. juni 2021
Har du uteglade born som skal starte i 5.trinn- 7.trinn på skulen hausten 2021? FBK Voss og Voss Resort inviterer til VossaCampen 2021 i veke 31.
Gjennom prosjektet frå Voss Herad, Sommarskulen 2021 inviterer me til ei knallkjekk aktivitetsveke frå 2.august til 6.august.
Målet vårt er å gje borna mogleiken til å sjå og oppleve mange av aktivitetane bygda vår tilbyr. Me har flinke erfarne instruktørar som har fokus på allsidige leikprega aktivitetar for ungane heile veka.
VossaCampen er GRATIS å delta på, men krev påmelding.
Alle borna som melder seg på må vera med alle dagar.
Påmelding her
PROGRAM
Mandag 2.august: Velkomen til VossaCampen.
Bli kjent dag og aktivitetar i nærområdet rundt idrettshallen.
Tysdag 3.august:: Aktivitetar på Hangurstoppen.
Me tek gondolen opp og ned.
Onsdag 4.august:: Sykkeltur rundt Vangsvatnet.
Torsdag 5.august: Voss Golf og Fotballgolf på Eenstunet
Fredag 6.august: Aktivitetar på Prestegardslandet. Grilling.
Oppmøte og henting alle dagar i underetasjen til Voss Idrettshall.
Aktivitetane startar kvar dag kl. 9.30 og vert avslutta kl. 14.30. Borna må hentast eller gå/sykle heim att sjølv seinast kl. 15.00.
Praktisk informasjon
Me sender ut nærmare praktisk informasjon til alle deltakarar i starten på juli 2021.
VossaCampen fylgjer sjølvsagt gjeldande smittevernreglar i høve Covid-19. Me har fokus på smittevern og hygiene. Alle aktivitetane føregår utandørs. Borna vil bli delt i mindre grupper fordelt på alder gjennom veka.
Spørsmål?
Kontakt Guro Øvsthus, Voss Resort; [email protected] eller
Silje Hauge, FBK Voss; [email protected]