[email protected]


Logo
Bli medlem
Bestille buss

Pressemelding - Senior Herrer

Forfatter: Knut-Erik Sivertsen

08. april 2025

Forside
News article image

Pressemelding - Senior Herrer

FBK Voss trekk laget sitt frå seriespel, menn 4.divisjon.

FBK Voss har vedteke å trekke laget frå årets seriespel i menn senior 4. divisjon. Avgjersla er teke etter ei grundig og samla vurdering, i tett dialog mellom styret, sportsleg utval, administrasjon, trenarar og spelarane sjølve.

FBK Voss ynskjer å ta vare på unge spelarar og leggje til rette for god utvikling, meistring og fotballgleda. Føresetnadane for påmelding til seriespel i 4.divisjon menn, har endra seg sidan desember. Me er oppteken av å ivareta dei spelarane som er i klubben, og me ser no at dette gjer me best i G19 seriespel, og ikkje i 4.divisjon menn.

Me oppmodar alle med hjarte for FBK Voss, om å støtte spelarane og klubben i denne situasjonen. FBK Voss held fram arbeidet i tråd med våre verdiar for å skapa tryggleik, trivsel og tilhøyring i eit inkluderande og utviklingsorientert fotballmiljø.

Me ynskjer å takke spelarar, føresette, støtteapparat og medlemmar som har stått på i denne perioden.

Ta kontakt med dagleg leiar, Hallgeir Finbråten, ved eventuelle spørsmål.