[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Saksliste til Årsmøte 11.mars

Forfatter: Silje Hauge

03. mars 2020

Forside
News article image

Sakslista til Årsmøte for Fotballklubben Voss er klar. Årsmelding og andre Årsmøtepapir ligg tilgjengeleg på kontoret til FBK Voss i Idrettshallen for gjennomlesing.
Me ynskjer alle medlem vel møtt på Park Hotel onsdag 11.mars kl 19.00!

Årsmøte for Fotballklubben Voss

Tid: Onsdag 11. mars 2020 kl. 19.00

Stad: Park Hotel Vossevangen


SAKSLISTE:

I fylgje Fotballklubben Voss sine vedtekter § 17 skal dagsorden på årsmøte innehalda:

1. Godkjenne dei som har stemmerett

2. Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane

3. Velje dirigent(ar), referent(ar) og 2 medlemar til å skrive under protokollen

4. Handsame fotballklubben si årsmelding, irekna eventuelle gruppeårsmeldingar

5. Handsame fotballklubben sin rekneskap i revidert stand

6. Handsame forslag og saker

Det er ingen innkomne forslag/saker

7. Fastsetje medlemskontingenten

8. Vedta fotballklubben sitt budsjett

9. Engasjere statsautorisert/registrert revisor til å revidere idrettslaget sin rekneskap

10. Gjere fylgjande val:

a) Leiar og nestleiar

b) 4 styremedlem og 1 varamedlem

c) Andre val i høve til organisasjonsplan vedteken av Årsmøtet, jamfør pkt 9.

d) Kontrollkomitè med minst 2 medelm

e) Representantar til ting og møte i dei organisasjonane som Fotballklubben Voss har representasjonsrett

f) Valkomitè med leiar og 2 medlem og 1 varamedlem for neste Årsmøte


Styret