Vil du vera med å vidareutvikla FBK Voss si Fotballfritidsordning?
Forfatter: Silje Hauge
28. mai 2022
Fotballklubben Voss søkjer no etter pedagogisk leiar FFO!
Fotballklubben Voss søkjer no etter pedagogisk leiar FFO!
Fotballklubben Voss vart i 2021 100 år og er kjend som ein tradisjonsrik klubb i Hordaland med ca. 550 aktive spelarar. Klubben held til på eit flott anlegg i Prestegardsmoen og er eigar av to kunstgrasbanar og brukar av 2 grasbanar.
Me er stolt arrangør av Noregs største barnefotballturnering Voss Cup som gjev oss inntekter som mellom anna har gjort at me har kunne opparbeida oss det flotte anlegget me har i dag!
Fotballklubben Voss er sertifisert som Kvalitetsklubb nivå 1 og ynskjer å vidareutvikla det breide og gode aktivitetstilbodet me har i dag.
Klubben starta i 2016 opp Fotballfritidsordning (FFO) gjennom NFF sitt samarbeid med Telenor – Telenor Xtra FFO. Gjennom åra har ein auka deltakarar frå 50 til om lag 120 born i veka. Tilbodet er for born frå 3.-7.klasse, 4 dagar i veka (måndag til torsdag).
Som pedagogisk leiar for FFO vil du m.a. vera ansvarleg for planlegging, innhald og gjennomføring av tilbodet, samt ha personalansvar for dei andre instruktørane.
Personlege eigenskapar
- Initiativrik, strukturert og tydeleg.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Utadvendt og relasjonsskapande.
- Stor arbeidskapasitet.
- Brennande engasjement for å skape aktivitetsglede og meistring hjå born
Personlege eigenskapar vert vektlagt!
Kvalifikasjonar
- Relevant pedagogisk utdanning. Erfaring kan vega opp for manglande utdanning.
- Minimum NFF Grasrottrenarutdanning ( UEFA C-lisens) eller starte/fullføre denne utdanninga snarast mogleg
- Minibussertifikat. Om ein manglar sertifikat ved tiltredelse må ein påberekne seg å ta dette snarast mogleg. FBK Voss dekker utgifter etter avtale.
Sentrale arbeidsoppgåver
- Planlegging, gjennomføring, evaluering og vidareutvikling av tilbodet
- Oppfylgjing av deltakarar og foreldrekontakt
- Personalansvar og oppfylgjing av instruktørar
- Budsjett og økonomistyring (i samarbeid med DL)
- Andre administrative oppgåver i klubbdrifta
Stillinga vert utlyst som ei 100 % fast stilling, der deler av stillinga også inneber sportsadministrative oppgåver utanom drift av FFO.
Tiltreding 01.08.22 eller etter avtale
Løn etter avtale.
Spørsmål kan rettast til
Dagleg leiar i FBK Voss; Silje Hauge, telefon 480 22 272.
Styreleiar i FBK Voss: Roger Hovland, telefon 913 75 009
Nestleiar i FBK Voss: Egil Selvåg, telefon 909 69 665
Skriftleg søknad med CV og anna relevant dokumentasjon skal sendast til: [email protected].
Søknadsfrist: 12.06.2022