[email protected]


Logo
Bli medlem
Bestille buss

Vel gjennomført Årsmøte i FBK Voss

Forfatter: Knut-Erik Sivertsen

21. mars 2025

Forside
News article image

Torsdag 20.mars vart det avhalde Årsmøte i FBK Voss i Voss Idrottshus for 15 frammøtte.

Eit velukka årsmøte er gjennomført, og styreleiar Egil Selvåg leia møtet trygt gjennom årsmøtesakene.

To saker var meldt inn til årsmøtet, Endring av vedtekt/lovendring av Organisasjon og Familiemedlemskap.


Styret i FBK Voss i 2025:

Styreleiar: Egil Selvåg

Nestleiar: June Nordanger

Styremedlem: Knut Eikefjord, Ann Kristin Mæland Vedå, Tommy Bøe og Vigleik Måkestad


Valkomitè 2025:

Leiar: Trond Syversen

Medlem: Espen Berntsen, Roger Hovland og Kristina Måkestad


Kontrollkomitè 2025:

Leiar: Arild Petersen

Medlem: Bjørg Nesheim


Det vart gitt fylgjande utmerkingar for 2024:

Årets spelar damer: Thea Christensen Dregelid

Årets spelar herrer: Martin Dregelid

Årets Toppscorar damer: Hedda Hernes

Årets Toppscorar herrer: Kristoffer Bidne


Eldsjelprisen 2024

Kandidaten har vore med i Voss Fotball AS sidan oppstarten av selskapet. Selskapet vart stifta 5.12.2004, og var ein del av styret då selskapet vart stifta. Selskapet vart stifta med bakgrunn i bygging av Kiwi bana. Kiwi bana stod klar til bruk 19. juli 2004.
Kandidaten vart styreleiar frå 01.12.2007 og har vore styreleiar sidan.
Kandidaten har opp gjennom tida bidrege til å drifta kunstgrasbana, bygd enno ei kunstgrasbane, bygd kiosk/garasjebygg, drifta ute bassenget i tre år og no sist vore involvert i bygginga av Idrottshuset samt heving av baner med nytt dekke. Ein har vore gjennom to flaumar som øydelagde begge banane. Kandidaten har vore leiaren som har hatt det overordna ansvaret for nemnte prosjekta og har vist stor gjennomføringsevne og stått i kamp mot heradet og andre for å få gjennomslag for klubben sine behov og synspunkt. 

Torgils har vore engasjert i fotball og har bedreg stort for klubben vår.