[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Kunstgrasbanar og byggjearbeid - flaumsikring i praksis

Forfatter: Jon Sindre Rødland

24. februar 2023

Forside
News article image

Klubben er no igang med riving av banar, og ser fram mot ei spanande tid med mykje byggeaktivitet

I November vart baneanlegget vårt i Prestegardsmoen råka av storflaum, som kom brått på for alle. Over natta vart fotballtilbodet for våre medlemmar og motstandarar avkorta og begrensa, noko som har vore ei tung sak for FBK Voss sidan den tid. Det er difor med stor glede at ein ser at ting føregår i stormfart framover.

Etter ei tid med gode prosessar ilag med Voss Herad, ser FBK Voss no fram til å endeleg setje igang arbeidet med gjenoppbygging av kunstgrasbanane. Fyrste lekk av jobben er å gjerne det som skal bort, og entreprenør har denne veka satt igang med dette. Med banane våre på plass att, samtidig med bygginga av "Idrottshuset" vil gje bygda ein idrettsarena å vera stolt av. FBK Voss løftar blikket fram mot byggeslutt og ser fram til å igjen kunne tilrettelegge for mykje god aktivitet folk folk frå nær og fjern.