[email protected]


Logo
Bli medlem
Forsikring

Oppstart ballspel 2017-årgangen

Forfatter: Linda Fostervoll Kvamme

21. august 2023

Forside
News article image

Då vil Voss HK og FBK Voss ynskja alle fyrsteklassingar ved Gjernes, Gullfjordungen og Vangen skule velkomen til oppstart ballspel hausten 2023.

Sidan 2018 har Voss HK og FBK Voss samarbeidd om å gje fyrsteklassingane eit felles tilbod om ballspel ein gong i veka for dei nemde skulane. Treningstidene og den sosiale gruppa er den same, den einaste forskjellen er treningstad og ballaktivitet. Det betyr kjekk balleik, gode vener og meir meistring heile året.

Oppstartsøkt fotball

Onsdag 6.september gjennomfører FBK Voss ei fotballøkt leia av trenarar i klubben. Dette vert ein fin start for både born og vaksne.

Fotballtreningane er onsdagar 16.45 – 17.45 fram til haustferien
Handballtreningane er på onsdagar kl. 17-18 på Voss gymnas og i Voss idrettshall, oppstart etter haustferien.

Informasjonsmøte for føresette

Onsdag 30.august inviterer FBK Voss og Voss HK til felles informasjonsmøte i Idrottshuset på Idrottsplassen. Her er alle velkomne.

Tidspunkt for møte:

Kl.1800 – føresette for jenter fødd 2017

Kl.1900 – føresette for gutar fødd 2017

For informasjon og påmelding nytt lenka: Ballspel for førsteklassingar 2023

Vel møtt!